Per Sonerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Sonerud
Fødd15. august 1915
Skjeberg
Død28. mars 1993 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Per Sonerud (15. august 191528. mars 1993) var ein bankmann og Høgre-politikar frå Skjeberg i Østfold.[1]

Sonerud gjekk handelsskule i 1934 og arbeidde i lang tid, frå 1935 til 1982, i Sarpsborg sparebank.[1] Han var aktiv på leiarsida innom idretten, både lokalt og nasjonalt. Frå 1964 til 1968 var han såleis formann i Norges Friidrettsforbund.[1]

Hausten 1965 vart Sonerud vald inn på Stortinget frå Østfold for partiet Høgre.[1] Dei neste fire åra hadde han plass i Administrasjonskomiteen.[1] Omframt tida på Stortinget, hadde Sonerud framståande verv innom Sarpsborg kommune og i Østfold fylke.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Biografi: Sonerud, Per», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 8. januar 2024