Pérotin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Perotin)
Hopp til navigering Hopp til søk
Pérotin
Pérotin photo.jpg
Føddkring 1160
FødestadFrankrike
Dødkring 1230
DødsstadFrankrike
FødenamnPerotinus Magnus
OpphavFrankrike
SjangerMellomaldermusikk
Verka somKomponist

Pérotin (Perotinus), òg kjend som Magister Perotinus eller Perotinus magnus (fødd mellom 1150 og 1165, død mellom 1200 og 1225) var magister ved klosterkyrkja og katedralen Notre-Dame i Paris og den viktigaste komponisten i Notre Dame-skolen.

Alt ein veit om han er basert på utsegner frå Johannes dei Garlandia (kring 1240) og Anonymus IV (etter 1279) og ifølgje Anonymus IV er Pérotins musikkhistorisk viktig på grunn av vidareutviklinga av tostemt organum frå forgjengaren Léonin til organum triplum og organum quadruplum (tre og fire stemmer).

Eit viktig trekk ved komposisjonsstilen hans er å ta ein enkel og velkjent melodi og strekke han ut i tid til kvar staving vert hundrevis av sekunder lange og så bruke kvar note av melodien (tenoren, latin for «halde» eller cantus firmus) som eit grunnlag for rytmisk komplekse, samanvevne linjer over cantus firmus. Resultatet var at ein eller fleire vokalstemmer song frie linjer (diskant) som flytta seg raskt over den langsame, flytande bordunen.

Verka til Pérotin er bevarte i Magnus Liber Organi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]