Pesaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pesaro
Piazza del Popolo i Pesaro
Piazza del Popolo i Pesaro
Byvåpenet til Pesaro
Byvåpenet til Pesaro


Plassering
Pesaro is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Marche
Pesaro og Urbino
Borgarmeister Luca Ceriscioli
Geografi
Flatevidd
 - By

126 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

91 983
  717/km²
Koordinatar 43°55′″N 12°54′″EKoordinatar: 43°55′″N 12°54′″E
Høgd over havet 11 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 61100
Telefon-retningsnummer 0721
Nettstad: www.comune.pesaro.ps.it

Pesaro er ein by ved Adriahavet i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pesaro og Urbino i regionen Marche og har om lag 90 000 innbyggjarar.

Hovudnæringane er fiske, møbelproduksjon og turisme.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd som Pisaurum av romarane i 184 fvt. som ein koloni i området til Piceni, folket som levde i Marche i jernalderen. Ein busetnad som høyrte til denne stamma er funne nær Novilara. Dei nordlege områda av Piceni vart invadert på 300-talet fvt. vart invadert av galliske senonarar og då romarane kom til dette området vart folkesetnaden ei blandinga av desse to gruppene.

Under romarane vart Via Flaminia bygd ved Pesaro, som vart eit handels- og handverkssentrum. Etter fallet til Vestromarriket vart Pesaro okkupert av austgotarar og øydelagd av Vitigis (539) under gotarkrigen. Han vart bygd opp att på berre fem år etter at austromarane gjenerobra området og danna ein del av den såkalla Pentapolis, ein del av Eksarkatet Ravenna. Etter at langobardar og frankarar erobra byen vart Pesaro ein del av Kyrkjestaten.

Under renessansen vart han styrt av familiane Malatesta (1285-1445), Sforza (1445-1512) og Della Rovere (1513-1631). Under sistnemnde, som valde byen som hovudstad i hertugdømet deira, hadde Pesaro gullalderen sin og det vart bygd mange flotte offentlege og private bygg.

11. desember 1860 gjekk troppar frå Piemonte inn i byen og Pesaro vart så annektert til det nye Kongedømet Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pesaro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]