Peter Boyesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Boyesen
Fødd 13. januar 1799
Porsgrunn
Død

24. november 1867

Yrke forretningsdrivande, politikar

Peter Johan Boyesen (13. januar 179924. november 1869) var ein norsk skipper, handelsmann og stortingsmann frå Porsgrunn.

Boyesen var son til ein skipper i Porsgrunn. Til liks med faren tok arbeidslivet til på sjøen og han var skipper på eiga skute og dreiv handelsfart på Danmark og i Austersjøen. I 1834 kjøpte han ein gard i austre Porsgrunn, der han dreiv ein større handel.

Boyesen representerte Porsgrunn på Stortinget i 1845, 1854, 1857 og på det overordentlege Storting 1858, samt Stortinget 1859-60. Han var medlem av justiskomite nr 1 i 1845, frå 1854 til -60 var han medlem av næringskomite nr 1. Til 1848-stortinget var Boyesen 1. varamann frå same valkrinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]