Peter Wolf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Wolf
PeterWolfPerforming.jpg
Fødd7. mars 1946 (73 år)
FødestadBronx
FødenamnPeter W. Blankfield
OpphavUSA
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock and roll, blues, blue-eyed soul
InstrumentVokal, piano, conga
Tilknytte artistarThe J. Geils Band
PlateselskapEMI, Reprise
Verka somMusikar, låtskrivar, DJ
Gift medFaye Dunaway

Peter Wolf (fødd 7. mars 1946 som Peter W. Blankfield) er ein amerikansk rhythm and blues, soul og rock and roll-musikar, mest kjend som solovokalist for the J. Geils Band frå 1967 til 1983;[1] og for ein suksessrik solokarriere med kollegaen Will Jennings.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Wolf vart fødd i Bronx i New York. Han planla ein karriere som artist, men fekk ein jobb seint i 1960-åra som radiopratar på ein FM-radiostasjon i Boston, WBCN, og byrja interessa for blues og rhythm and blues. Han såg så the J. Geils Blues Band på ein konsert og vart raskt med i bandet i 1967. Han var vokalist og frontmann, og fungerte ofte som ein slags manager. Han og klaverspelaren Seth Justman skreiv dei fleste songane. Peter Wolf slutta i bandet i 1983.

Peter Wolf med the J. Geils Band i Candlestick Park i San Francisco i California.

Wolf vart så soloartist dei neste 15 åra, men kom attende til the J. Geils Band i 1999 for fleire konsertar.

Denf ørste soloplata til Wolf var Lights Out (1984) produsert av Michael Jonzun frå Jonzun Crew og med Adrian Belew på gitar. Singelen «Lights Out» nådde 12. plassen på den amerikanske singellista same året. Han spelte òg duettar med mange artistar som Aretha Franklin, Little Milton, John Lee Hooker, Don Covay og Wilson Pickett.

I 1987 gav Wolf ut det neste soloalbumet, Come As You Are, der tittelsporet nådde 15. plassen på den amerikanske singellista. Seinare vart singelen «Can't Get Started» òg ein stor hit. Han heldt fram å gje ut soloalbum før han vart med the J. Geils Band ei kort stund. Long Line frå 1996 vart produsert saman med Johnny A. og Stu Kimball. Dei to neste soloalbuma hans, Fool's Parade og Sleepless (sistnemnte med gjesteartistane Mick Jagger og Keith Richards), fekk begge god kritikk. Sleepless (2002) vart av Rolling Stone kåra til eit av dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Wolf turnerte i 2008 med Kid Rock og Rev. RunRock 'n' Roll Revival-turneen.

The J. Geils Band kom saman att for ei rekkje konsertar i 2009.

Den 14. august 2010 spelte the J. Geils Band saman med Aerosmith for ein konsert i Boston.

Albumet Midnight Souvenirs frå 2010 vann prisen årets album ved Boston Music Awards.[2][3]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Wolf var gift med skodespelarinna Faye Dunaway frå 1974 til 1979.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song US Hot 100 US MSR US Dance Album
1984 «Lights Out» 12 - 11 Lights Out
1984 «I Need You Tonight» 36 22 -
1984 «Crazy» - 26 -
1985 «Oo-Ee-Diddley-Bop!» 61 -
1987 «Come as You Are» 15 1 49 Come as You Are
1987 «Can't Get Started» 75 16 -
1990 «99 Worlds» 77 9 - Up to No Good
1996 «Long Line» - 21 - Long Line
1998 «Turnin' Pages» - 22 - Fool's Parade

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skelly, Richard; Jurek, Thom. «Biography: Peter Wolf». AMG. Henta mai 20, 2010.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  2. Gottlieb, Jed (desember 7, 2010), «Peter Wolf, Amanda Palmer lead BMA winners», Boston Herald .
  3. Perry, Jonathan (desember 6, 2010), «Uke in hand, Palmer tops Music Awards», Boston Globe .

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]