The J. Geils Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The J. Geils Band
J Geils Band composite2.jpg
V til H: J. Geils, Magic Dick, Peter Wolf
Ikkje på biletet: Seth Justman, Danny Klein, Stephen Bladd
OpphavWorcester i Massachusetts i USA
Aktiv1968–1985, 1999, 2005, 2006, 2009–2015
SjangerRock, bluesrock (tidleg), new wave (seinare)
PlateselskapAtlantic, EMI America
Tidlegare medlemmerJ. Geils (død)
Stephen Bladd
Magic Dick
Danny Klein
Seth Justman
Peter Wolf

The J. Geils Band var eit USA-amerikansk rockeband skipa i 1968 i Worcester i Massachusetts, leia av gitaristen John «J.» Geils. Dei originale bandmedlemmane var songaren Peter Wolf, munnspelspelaren og saksofonisten Richard «Magic Dick» Salwitz, trommeslagaren Stephen Bladd, songaren og klaverspelaren Seth Justman og bassist Danny Klein. Wolf og Justman var dei fremste låtskrivarane i bandet. Bandet spelte R&B-påverka bluesrock i 1970-åra og fekk raskt suksess, før dei flytta seg mot ein meir radiovenleg stil tidleg i 1980-åra, då bandet fekk sine største kommersielle suksess. Etter at Wolf slutta i bandet i 1983 for å satse på ein solokarriere, gav bandet ut berre eitt album til i 1984 med Justman på solovokal, før det vart oppløyst i 1985. Sidan 1999 har det vore fleire gjenforeiningar for bandet fram til J. Geils døydde 11. april 2017.

The J. Geils Band gav ut fleire singlar som nådde topp 40 på den amerikanske singellista tidleg i 1970-åra, inkludert ein versjon av songen «Lookin' for a Love» av The Valentinos (som nådde 39. plassen på Billboard Top 100 i 1972), og singelen «Give It to Me» (som nådde 30. plassen i 1973). Dei største hittane deira var «Must of Got Lost» (som nådde 12. plassen på Billboard Top 100 i 1975), «Come Back» (som nådde 32. plassen i 1980), «Love Stinks» (som nådde 38. plassen i 1980 og vart nytta i fleire filmar), «Freeze-Frame» (som nådde fjerdeplassen på Billboard Top 200 i 1981) og «Centerfold», som gjekk heilt til topps i USA tidleg i 1982.

Den første tida[endre | endre wikiteksten]

Bandet byrja som ein akustisk bluestrio i midten av 1960-åra med gitaristen John Geils, bassisten Danny Klein (Dr. Funk) og munnspelspelaren Richard Salwitz (scenenamn Magic Dick). Det første namnet deira var Snoopy and the Sopwith Camels medan Geils gjekk på Worcester Polytechnic Institute eit par semester. I 1968 endra bandet fokus og byrja å spele elektrisk gitar og bass. Det henta også inn to andre musikarar frå eit lokalt band i Boston kalla The Hallucinations, som ofte spelte på konsertstaden Boston Tea Party. Desse var trommeslagaren Stephen Bladd og songaren Peter Wolf, fødd Peter Blankenfeld (opphavleg frå Bronx i New York).[1] Dei vart The J. Geils Blues Band, og droppa seinare ordet «Blues» frå namnet. Same året kom den tidlegare tilhengjaren deira Seth Justman med på klaverinstrument, og bandet bygde seg opp ein større, lokal fanskare i Boston-området.[2] Bandet brukte lang tid på å velje seg platekontrakt etter å ha fått fleire tilbod.[3] Gruppa signerte til slutt for Atlantic Records i 1970. I staden vart dei inspirerte av mellom andre James Cotton og Little Walter, og i eit seinare intervju sa munnspelspelaren Magic Dick at heile bandet var «munnspelfrikar».[4]

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter at det meste av 1970 vart brukt til å halde konsertar kring i USA med oppvarming for artistar som B.B. King, Johnny Winter, The Allman Brothers og The Byrds,[5] spelte The J. Geils Band inn debutalbumet sitt, The J. Geils Band i august 1970 i A&R Studios i New York City, og det kom ut i november same året. Bandet byrja å bli spelt på radio då den første singelen deira kom ut, eit rockecover av Motown-hitten til The Contours, «First I Look at the Purse», og kort tid etter oppnådde dei meir suksess på AM-radio med fleire singlar tidleg i 1970-åra. Ein av desse var ein versjon av The Valentinos sin «Lookin' for a Love» frå det andre albumet deira, The Morning After, som vart den første singelen deira som nådde topp 40 i 1972 (39. plass på Billboard-lista). Albumet kom ut i oktober 1971. Songen «Cry One More Time» (òg på The Morning After) vart seinare spelt inn av Gram Parsonsdebutalbumet hans i 1973.

Bandet heldt mange konsertar og fekk mange fans i USA på grunn av dei energiske konsertane deira,[2] med karismatiske skøyarstrekar på scenen og «stavsprang med mikrofonstativet»[6] frå songaren Peter Wolf, og nyskapande bruk av munnspel som soloinstrument. Harmonicalinks.com kalla seinare Magic Dick «ein pioner innan lyd og stil for rockemunnspel.»[7] AllMusic.com skildra 70-talsperioden deira som «enkel og rein, med sleipe coverversjonar av obskur R&B, doo wop og soul, framført med ein frisk dose Stones-aktig stil.»[2] På ein konsert i Boston Common den 17. august 1971 omtalte The Allman Brothers Band The J. Geils Band som favorittbandet deira frå området.[8] Begge banda spelte seinare på den siste konserten i Fillmore East før konsertstaden vart nedlagt. Sjølv om dei budde i Boston, rekna bandet alltid Detroit som den andre heimstaden sin, fordi dei var enormt populære der. To av tre konsertalbum bandet gav ut vart spelte inn i Detroit i Cinderella Ballroom og Pine Knob Music Theater (i dag DTE Energy Music Theater). Det andre konsertalbumet deira, Blow Your Face Out frå 1976, vart spelt inn i Boston Garden og Cobo Arena i Detroit.

Etter dei to første albuma og ei travel turnéverksemd, vart det tredje albumet til The J. Geils Band, Bloodshot, det første kommersielle gjennombrotet deira. Albumet nådde tiandeplassen på Billboard 200 i USA i 1973 og inneheldt singelen «Give It to Me», som nådde 30. plassen på Billboard-lista. Dei originale eksemplara av Bloodshot kom ut på raud vinyl (i staden for den vanlege svarte fargen). Bandet prøvde å utnytte suksessen til Bloodshot, og etter å ha brukt første delen av 1974 til å turnere, gjekk bandet i studio og spelte inn det femte albumet deira, Nightmares...and Other Tales from the Vinyl Jungle. Det inneheld ein stor hitsingel, Justman- og Wolf-songen «Must of Got Lost», som nådde 12. plassen på Billboard Top 100 tidleg i 1975. Seinare det året byrja bandet å spele på arenaer over heile USA med forskjellige artistar som The Rolling Stones, Peter Frampton og Rod Stewart.[5] Etter den første salssuksessen og den konstante turneringa, verka det som om gruppa ikkje kom til å bli noko meir enn eit partyband, før dei gav ut Monkey Island (1977), etterfølgd av Sanctuary (1978), som nådde 49. plassen på Billboard 200 med singelen «One Last Kiss» (nr. 35 på Billboard Hot 100).

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Gruppa fekk størst suksess tidleg i 1980-åra, først med albumet Love Stinks som kom ut i januar 1980 med to topp 40-singlar, songen «Come Back» som nådde 32. plassen på Billboard-lista og tittelsporet «Love Stinks», som nådde 38. plassen. «Love Stinks» vart spelt mykje på FM-radio i 1980-åra og vart sungen i filmen The Wedding Singer frå 1998 av Adam Sandler, og han var med på filmmusikkalbumet The Wedding Singer Volume 2, som òg kom ut i 1998. Bandet turnerte det meste av 1980 i USA og Europa og for første gongen òg i Japan.[9] Bandet følgde opp suksessen til Love Stinks med hitalbumet Freeze Frame, som låg fire veker på toppen av albumlista i USA tidleg i 1982. Den første singelen «Centerfold» låg seks veker på toppen av Billboard Hot 100. «Centerfold» vart òg den einaste store hitsingelen deira i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på singellista i februar 1982. Tittelsporet, «Freeze Frame», nådde fjerdeplassen i april 1982. B-sida til «Freeze Frame», «Flamethrower», vart òg mykje spelt på radio, ærleg i Detroit området, og nådde 25. plassen på soullista til Billboard og 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot Dance Club Play-lista. Den tredje og siste singelen frå albumet «Angel in Blue» nådde 40. plassen på Billboard Hot 100. Musikkvideoane for «Centerfold» og «Freeze Frame» vart mykje sendt på MTV, som medverka til at albumet vart ein suksess. I 1982 spelte bandet ofte i utselde arenaer kring USA, inkludert ein månad lang turné med U2 som oppvarmingsband i mars 1982.[9] Bandet turnerte òg to månader i Europa med The Rolling Stones i juni og juli det året.[9] Banet følgde opp de internasjonale suksess til Freeze Frame med eit nytt konsertalbum, Showtime!, som inneheld hitten «I Do» som nådde 24. plassen på den amerikanske singellista. Dette var opphavleg ein hit for The Marvelows i 1965, som bandet opphavleg spelte inn for Monkey Island i 1977.

Wolf slutta i bandet i 1983 etter ei usemje om den musikalske retninga til gruppa.[10]

Bandet spelte inn eit album til med nye songar, You're Gettin' Even While I'm Gettin' Odd. Seth Justman tok over på solovokal etter Wolf. Albumet gav dei berre ein singel, «Concealed Weapons», og selde dårleg. Gruppa vart så oppløyst i 1985 etter å ha gjeve ut tittelsongen til skrekkfilmen Fright Night i 1985.

Bandet kom saman att med Wolf i 1999 for 13 konsertar i USA. Sidan har dei fleire gonger heldt konsertar og små turnear. J. Geils døydde i 2017.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • J. Geils – sologitar (1968–1985, 1999, 2005, 2006, 2009–2012; død 2017)
  • Stephen Bladd – trommer, perkusjon, vokal (1968–1985, 2006)
  • Magic Dick – munnspel, saksofon, trompet (1968–1985, 1999, 2005, 2006, 2009–2015)
  • Seth Justman – klaverinstrument, orgel, piano, vokal (1968–1985, 1999, 2005, 2006, 2009–2015), solovokal (1983-85)
  • Danny Klein – bass (1968–1985, 1999, 2005, 2006, 2009–2015)
  • Peter Wolf – solovokal, perkusjon (1968–1983, 1999, 2005, 2006, 2009–2015)

Turnémedlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Sim Cain – trommer (1999)
  • Catherine Russell – korvokal (1999)
  • Marty Richards – trommer (2005, 2009–2011)
  • Mitch Chakour – korvokal (2009–2010)
  • Duke Levine – sologitar (2012–2015) rytmegitar 2009-2011
  • Kevin Barry – rytmegitar (2012-2015)
  • Tom Arey – trommer (2012–2015)
  • Andricka Hall – korvokal (1999, 2010–2015)
  • Nichelle Tillman – korvokal (2010–2015)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «1965/68 – The Hallucinations ~ The J. Geils Band.Net». Thejgeilsband.blogspot.com. Henta 3. september 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Stephen Thomas Erlewine. «J. Geils Band | Biography & History». AllMusic. Henta 3. september 2018. 
  3. Edmonds, Ben (March 1971). «J Geils Band: Beantown Get-down». Creem. Henta 3. september 2018 – via Rock's Backpages. (subscription required (help)). 
  4. Modern Blues Harmonica (7. mars 2008). «Magic Dick explains «Whammer Jammer»». Henta 3. september 2018 – via YouTube. 
  5. 5,0 5,1 «THE J. GEILS BAND: Tour Dates 1970 – 1983 ~ The J. Geils Band.Net». Thejgeilsband.blogspot.com. Henta 3. september 2018. 
  6. «Peter Wolf at The Egg». NewsTimes. 7. oktober 2015. Henta 3. september 2018. 
  7. «Harmonica Players- Male- Rock/Pop/Folk Blues harp, Diatonic Harmonicas». Harmonicalinks.com. Henta 4. september 2018. 
  8. «Because Music Matters – Featured Release». Hittin the Note. Henta 4. september 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «THE J. GEILS BAND: Tour Dates 1970 – 1983». thejgeilsband.blogspot.com. Henta 3. september 2018. 
  10. «Peter Wolf talks J. Geils Band, new album before Atlanta concert - Atlanta Music Scene with Melissa Ruggieri». ajc.com. Henta 3. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]