Keith Richards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keith Richards
KeithR2.JPG
Fødd 18. desember 1943
Dartford i Kent i England
Dartford
Instrument Gitar, vokal, bass, piano
Sjanger Rhythm and blues, rock and roll, blues, rock, reggae
Aktive år 1962 - til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytt artistar The Rolling Stones, The New Barbarians, The X-Pensive Winos
Plateselskap Decca, Rolling Stones, Virgin
Nettside keithrichards.com
Kjende instrument
1952 Fender Telecaster "Micawber"
1959 Gibson Les Paul

Keith Richards (fødd 18. desember 1943) er ein engelsk gitarist, låtskrivar, songar, plateprodusent og eit av medlemmane i The Rolling Stones. Som gitarist er Richards mest kjend for hans innovative teknikk som rytmegitarist. I 2003 vart Richards rangert som den tiande beste gitariste gjennom tidene av musikkmagasinet Rolling Stone[1]

I lag med Mick Jagger i låtskrivarpartnarskapet Jagger/Richards har Richards skrive og spelt inn hundrevis av songar. Fjorten av dei er på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[2]

Gitarist[endre | endre wikiteksten]

Richards vert rekna som ein av dei viktigaste og mest markante innan rock 'n' roll. Sjølv voks han opp med å lytte til mellom andre Chuck Berry, Muddy Waters og Jimmy Reed, alle kjend for sin rytmiske spelestil. Sjølv om han av mange vert kalla «Mr. Rock 'n' Roll» står han bak mange av The Rolling Stones' meir kjende balladar, som «Angie» og «Wild Horses».

I 1988 kom den første soloplata Talk is Cheap ut, ei plate han såg seg «nøydd» til gje fordi Stones var meir eller mindre oppløyst. Plata vert stundom nemnd i musikkblad som ei av de mest undervurderte platene gjeve ut sidan 1980-talet. Musikken ber preg av Richards mange stilretningar, frå cajun og soul til rock 'n' roll og R&B. Ein av songane er soul-balladen «Make No Mistake», som seinare vart nytta i Sopranos-serien.

I 2006 fall Richards ned frå ei palme på Fiji og fekk store hovudskadar. Han vart frakta til New Zealand der han vart operert. Operasjonen var vellukka, men førte til at europaturneen til The Rolling Stones i 2006 vart utsett nokre månader.

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Keith Richards hadde ei rolle i Pirates of the Caribbean 3: At the Worlds End, der han spelte far til kaptein Jack Sparrow. Johnny Depp, som spelte Jack Sparrow, har sagt at rollefiguren hans var inspirert av Keith Richards.

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Talk is Cheap (1988)
  • Live At the Hollywood Palladium (konsert, 1991)
  • Main Offender (1992)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 100 Greatest Guitarists of All Time. Rolling Stone (22. september 2003).
  2. The RS 500 Greatest Songs of All Time. Rolling Stone (9. desember 2004).