Petter Moe-Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Petter Moe-Johansen
Fødd 16. oktober 1882Rediger på Wikidata
Død

1. april 1952

Yrke politikar

Petter Johan Matias Moe-Johansen, oftast skrive for P. Moe-Johansen (6. oktober 18821. april 1952), var ein norsk avisredaktør og politikar for Arbeidarpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Moe-Johansen var fødd utanfor ekteskap på Mo i Stordal. Etternamnet er ein kombinasjon av garden mor hans var frå, og faren sitt namn. Faren var frå den nærliggande garden Øvrebust, han reiste til Nord-Amerika før guten vart fødd. Mora vart seinare gift i grannebygda Ørskog, der sonen voks opp.

Han starta som avismedarbeidar då han var seksten år gammal. I 1904 vart han redaktør for arbeidaravisa Nybrott i Ålesund. Sidan var han redaktør av Nordlys, og Den 1ste Mai.[1] Han kom på kant både med aviseigarane og med lokale partimedlemer, og vart erstatta med Cornelius Holmboe[2] i 1908.[3] I 1911 tok Moe-Johansen over redaktørstolen i Smaalenenes Socialdemokrat. Han vart verande redaktør til 1943, då han vart fjerna som del av nazistyret sin utrenskingspolitikk.[4] Historikaren Tore Pryser har elles ført prov for at Moe-Johansen etter ei tid vart positiv til det nazistiske styret.[5]

Moe-Johansen deltok i kommunal politikk. Då Arbeidarpartiet vart kløyvt i 1921, følgde Moe Johansen den moderate fløya som danna Sosialdemokratisk arbeidarparti.[1] Han var ein av dei leiande agitatorane i arbeidarpressa mot Moskvatesene.[6] Då dei to partia slo seg saman att i 1927, vart han på ny med i Arbeidarpartiet.[1] Sosialdemkratane hadde fullstendig dominert Østfold fylke, og var ei av få fylke der Arbeidarpertiet ikkje var størst. Moe-Johansen hadde håpa at avisa hans skulle verte fylkesorgan for Arbeidarpartiet. I staden vart ho redusert til lokalavis, då både Sarpsborg og Halden hadde fått arbeidarblad som kom ut dagleg.[7]

Moe-Johansen døydde i 1952 og vart gravlagd i Glemmen.[8]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Friis, Jakob; Hegna, Trond; Juel, Dagfin, red. (1934). «Johansen, P. Moe». Arbeidernes Leksikon 4. Oslo: Arbeidermagasinets Forlag.  Text "s.407–408" ignored (hjelp)
  2. Omdal, Sven Egil (2010). «Rogalands Avis». I Flo, Idar. Norske aviser fra A til Å. Volume four of Norsk presses historie 1660–2010. Oslo: Universitetsforlaget. s. 276. ISBN 978-82-15-01604-7. 
  3. «Cornelius Holmboe». Norwegian Social Science Data Services (NSD). Henta 28 August 2010. 
  4. Jacobsen, Frank Kiel (2010). «Demokraten». I Flo, Idar. Norske aviser fra A til Å. Volume four of Norsk presses historie 1660–2010. Oslo: Universitetsforlaget. s. 81. ISBN 978-82-15-01604-7. 
  5. Arbeiderbevegelsen og Nasjonal Samling. Oslo: Tiden. 1991. s. 107. ISBN 82-10-03346-8. 
  6. Maurseth, Per (1987). Gjennom kriser til makt 1920-1935. Volume three of Arbeiderbevegelsens historie i Norge. Oslo: Tiden. s. 159, 170. ISBN 82-10-02753-0. 
  7. Maurseth, 1987: s. 432
  8. «Cemeteries in Norway» (på Norwegian). DIS-Norge. Henta 2. august 2010.