Jakob Friis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Friis

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1883
Røros
Død

12. desember 1956 (73 år)
Kristiansand kommune

Yrke politikar, redaktør, arkivar, journalist, fagforeiningsleiar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti, Arbeidarpartiet
Far Jakob Pavels Friis
Jakob Friis på Commons

Jakob Johan Sigfrid Friis (27. april 188312. desember 1956) var ein norsk pressemann, historikar og politikar for både Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Friis var fødd på Røros, då far hans var direktør ved koparverket. Han utdanna seg til historikar, vart cand.philol. på ei avhandling om «Hannibalfeiden» under statthaldar Hannibal Sehested.

Friis begynte i 1909 som journalist i Social-Demokraten og var mellom anna korrespondent i London og Paris. Han snakka både engelsk, fransk, tysk og russisk, og var ofte tolk når utanlandske partitoppar besøkte Arbeidarpartiet. Åra 1913-17 var han arkivar i Trondheim, seinare var han statsarkivar i Kristiansand.

I 1920-21 var Friis Det Norske Arbeidarpartiet sin representant i eksekutivkomiteen i Komintern i Moskva. Då Arbeidarpartiet vart splitta i 1923 fylgde han fleirtalet ut av Komintern. Han var redaktør i Rjukan Arbeiderblad frå 1925 til han i 1928 braut med Arbeidarpartiet, etter misnøye med han i Tranmæl-krinsen. Han melde seg då inn i Norges Kommunistiske Parti. Etter å ha arbeidd og studert eit par år i Moskva, begynte Friis i 1931 å gje ut Arbeidernes Leksikon.

Friis melde seg ut av NKP i 1933, og inn att i Arbeidarpartiet i 1936. I 1945 vart han ein av dei mange nye Arbeidarparti-representantane på Stortinget. Han var sterkt kritisk til NATO, men røysta likevel ja til norsk medlemskap i NATO i 1949, då det nordiske forsvarssamarbeidet hadde falle ut som reelt alternativ.

I 1952 var Friis ein av grunnleggarane av vekeavisa Orientering, og redigerte avisa til han døydde. Han sa nei til attval til Stortinget i 1953.

Friis gav ut fleire historiske verk, mellom anna om Kristiansands historie, og Stiftsamtmenn i Kristiansand før 1814. I 1955 skreiv han ein sjølvbiografi. Forlagsdirektør Henrik Groth i J.W. Cappelens Forlag hadde teke initiativet til arbeidet, og jamvel utbetalt eit større forskot. Likevel refuserte forlaget manuset i 1956. Fyrst i 2011 kom Friis sin sjølvbiografi Bevegelsen og målet ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]