Hopp til innhald

Pforzheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pforzheim
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Region Karlsruhe
Distrikt Kreisfri by
Del av Bertha Benz Memorial Route, Schwarzwald-Schwäbische-Alb-Allgäu-Weg
Høgd 261 m
Areal 98,07 km²
Folketal 128 992 (31. desember 2023)
Først nemnd i 1067
Postnummer 75172–75181
Retningsnummer 07231, 07234
Bilnummer PF
Kart
Pforzheim
48°53′27″N 8°42′11″E / 48.8908846°N 8.7029532°E / 48.8908846; 8.7029532
Wikimedia Commons: Pforzheim

Pforzheim er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 130 000 innbyggjarar. Byen ligg ved starten av Schwarzwald og er kjend for smykke- og klokkeindustrien. På grunn av dette har han fått kalla namnet «Goldstadt» eller «Gullbyen». Byen ligg mellom byane Stuttgart og Karlsruhe der dei tre elvane Enz, Nagold og Würm renn saman, og markerer grensa mellom Baden og Württemberg, men ligg i området Baden.

Utsyn over byen.

Pforzheim er ein kreisfri by, men er samstundes administrativt sete for landkreisen Enz, som ligg rundt byen.

Under den andre verdskrigen vart byen bombardert fleire gonger. Det kraftigaste bombeåtaket, og eit av dei mest øydeleggjande under heile krigen vart utført av Royal Air Force (RAF) kvelden 23. februar 1945. Om lag ein fjerdedel av innbyggjarane, meir enn 17 000 menneske, mista livet, og om lag 83 % av bygningane vart øydelagt. Dei allierte meinte at byen produserte presisjonsinstrument for tyskarane og var eit transportsenter for tyske troppar.

Etter krigen vart all stein og betong frå dei øydelagde bygningane samla i saman i ein stor haug utanfor byen, som òg vart gjort i Stuttgart og München. Ein bygning kalla Wallberg vart reist som eit betonglokk over denne haugen, som etter kvart har vorte dekt av jord og vegetasjon. I løpet av tjue år etter krigen vart Pforzheim gradvis gjenoppbygd og har fått ein meir moderne utsjånad.

Historisk går byen tilbake til romartida og ein busetnad frå om lag år 90 e.kr. I 1080 fekk han byrettar (ty. Marktrecht).

I 1888 var Pforzheim målet for den første bilturen på ein landeveg då Bertha Benz (utan ektemann Carl Benz) tok meg seg dei to sønene sine på ein tur frå Mannheim – ei meir enn 60 km lang reise ein veg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pforzheim