Hopp til innhald

Phi Phi-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phi Phi-øyane
øygruppe
Land  Thailand
Kart
Phi Phi-øyane
7°44′00″N 98°46′00″E / 7.7333333333333°N 98.766666666667°E / 7.7333333333333; 98.766666666667
Wikimedia Commons: Ko Phi Phi
Mahyabukta, Ko Phi Phi Lee

Phi Phi-øyane (เกาะ พีพี) er nokre små øyar i Thailand, mellom den mykje større øya Phuket og fastlandet. Øyane høyrer til administrativt Krabi-provinsen. Ko Phi Phi Don (ko tyder ‘øy’) er den største i øygruppa, og er den einaste som har fast folkesetnad. Den nest største øya, Ko Phi Phi Lee (eller Ko Phi Phi Ley) har sandstrender som ofte har vore vitja av turistar. Øyane ligg i eit av dei best utvikla turistområda i Thailand for bading og dukking.

Ko Phi Phi Lee er den mest kjende av øyane. Øya vart kjend gjennom filmen The Beach.

Den 26. desember 2004 vart øygruppa ramma av tsunamiar utløyst av ei rad undersjøiske jordskjelv langs ei line frå vest av Sumatra til Andamanøyane (sjå Flodbølgjene i Indiahavet jula 2004). Flodbølgjene gjorde at fleire hundre menneske vart drepne, og dei fleste husa på øyane vart øydelagde.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]