Phil Chess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Phil Chess
Fødd27. mars 1921(1921-03-27)
FødestadMotal i Polen (no Kviterussland)
Død18. oktober 2016 (95 år)
DødsstadTucson i Arizona i USA
FødenamnFiszel Czyż
OpphavUSA
Aktiv1950–1972
SjangerChicago blues, elektrisk blues, blues, rock and roll, R&B, soul
PlateselskapChess
Verka somPlatedirektør
PrisarGrammy Trustees Award

Philip «Phil» Chess (fødd 27. mars 1921 som Fiszel Czyż, daud 18. oktober 2016) var ein USA-amerikansk plateprodusent og direktør som i lag med broren skipa Chess Records.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Chess vart fødd i landsbyen Motal som i ligg i dagens Kviterussland.[2] Han flytta med familien til faren i Chicago i 1928. Familien byta namn til Chess, og Lejzor vart Leonard medan Fiszel vart Philip.[3]

Phil og Leonard dreiv ein populær klubb i Chicago, Macomba Lounge. to år seinare vart Leonard partner i Aristocrat Records, eit lokalt selskap som spelte inn all slags musikk,[4] og Phil kom med i 1950. Selskapet endra namn til Chess Records og dei byrja å fokusere på R&B-musikk, og signerte og spelte inn musikk med artistar som Muddy Waters, Bo Diddley, Sonny Boy Williamson (Rice Miller), Robert Lockwood jr., Etta James, Willie Dixon, Howlin Wolf og Chuck Berry.[5][6] Phil Chess var aktivt involvert og produserte mange av blues og rock and roll-innspelingane deira. Selskapet deira hadde stor suksess i 1950-åra og tidleg i 1960-åra og vart i 1968 seld til GRT.

Chess var òg med-skipar av L & P Broadcasting i lag med broren. Dette føretaket dreiv radiostasjonen WSDM.[7]

Phil Chess trekte seg attende til Arizona i 1972.[8] Phil og Leonard Chess vart begge innlemma i Blues Hall of Fame som ikkje-utøvarar i 1995.

Chess døydde i heimen sin i Tucson i Arizona, 95 år gammal.[9][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Broven, John (2010). Record Makers and Breakers: Voices of the Independent Rock 'n' Roll Pioneers. USA: First Illinois Paperback. s. 499. ISBN 978-0-252-03290-5. 
  2. McArdle, Terence (October 20, 2016). «Phil Chess, co-founder of music label that brought blues to the world, dies at 95». The Washington Post. 
  3. «Spinning Blues Into Gold, by Nadine Cohodas». Bluestogold.com. Henta 29. juni 2017. 
  4. Campbell, Robert L.; Pruter, Robert; White, George R.; Kelly, Tom; Paulus, George. «The Aristocrat Label». Henta July 7, 2013. 
  5. 5,0 5,1 Martin, Douglas (19. oktober 2016). «Phil Chess, Whose Record Label Elevated Unknown Blues Musikars, Dies at 95». The New York Times. Henta 29. juni 2017. 
  6. John Sippel (18. september 1982). Chess LPs Trace Rock's Roots. Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). s. 10–. ISSN 0006-2510. 
  7. Carry Baker (20. januar 1979). Hawaiian purchases Chicago WLUP-FM. Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). s. 27–. ISSN 0006-2510. 
  8. Inside Track. Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). 18. desember 1976. s. 73–. ISSN 0006-2510. 
  9. O'Donnell, Maureen. «Phil Chess, co-founder of Chicago's Chess Records, dead at 95». Chicago Sun-Times. Henta 29. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]