Philip Milanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Philip Milanov


Statsborgarskap Belgia
Fødd 6. juli 1991 (32 år)
Brugge
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016

Philip Milanov (fødd 6. juli 1991) er ein belgisk diskoskastar frå Brugge. Han vann sølvmedaljen i øvinga under verdsmeisterskapen 2015 og og europameisterskapen 2016.

Milanov rauk ut i kvalifiseringa ved EM 2014 i Zürich. I 2015 vann han diskos-tevlinga ved universiaden i Gwangju. Under VM i friidrett 2015 i Beijing tok han sølvmedaljen då han forbetra den belgiske diskos-rekorden til 66,90 meter, ein halv meter kortare enn gullvinnar Piotr Małachowski sitt bestekast. 6. mai 2016 flytta Milanov den belgisk rekorden til 67,26 meter ved eit stemne i Doha. Seks veker seinare vann han sølvmedaljen i EM i friidrett 2016 i Amsterdam, atter var Małachowski hans overmann. Etter ein åttande plass i London-VM 2017, har ikkje Milanov makta kvalifisere seg til finale i nokon av dei store meisterskapane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]