Philipp Nicolai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Philipp Nicolai

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. august 1556
Bad Arolsen
Død

26. oktober 1608 (52 år)
Hamburg

Yrke komponist, lyrikar, teolog, salmediktar
Språk tysk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Philipp Nicolai på Commons

Philipp Nicolai, (10. august 155626. oktober 1608) var ein tysk prest, komponist og salmediktar.

Faren hans var òg prest, han hadde gått over til evangelisk-luthersk lære medan Martin Luther enno levde. Philipp hadde ulike tyske salmediktarar, kyrkjemusikarar og prestar som læremeistrar, før han byrja studere teologi i Erfurt og Wittenberg. På grunn av uro etter reformasjonen hadde han eit omflakkande tilvære, i strid med katolikkar, reformerte og kalvinistar.

Medan pesten herja i Unna i Westfalen, skreiv han boka Freudenspiegel des ewigen Lebens. Her står tre av salmane han har skrive , to av dei er kjende i lutherske kyrkjer over heile verda, desse har han òg skrive melodien til:

  • Wachet auf, ruft uns die Stimme (Vakna opp, så ljoder luren / Sions vekter hever røsten)
  • Wie schön leuchtet der Morgenstern (Ei morgonstjerne klår og fin / Av høyheten opprunnet er /)

Desse to salmane står òg i Norsk salmebok. Melodiane til desse to salmane er nytta til fleire salmar av andre salmediktarar.