Phoenix Wright: Ace Attorney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Phoenix Wright: Ace Attorney
Utviklar(ar) Capcom
Utgjevar(ar) Capcom
Regissør(ar) Shu Takumi
Forfattar(ar) Shu Takumi
Komponist(ar) Masakazu Sugimori
Naoto Tanaka (DS)
Plattform(er) Game Boy Advance, Nintendo DS, Windows, Wii, iOS, Android, Nintendo 3DS
Utgjeve Game Boy Advance
JP: 12. oktober 2001
Nintendo DS
JP: 15. september 2005
NA: 12. oktober 2005
EU: 16. mars 2006
Nintendo 3DS
JP: 17. april 2014
NA: 9. desember 2014
EU: 11. desember 2014
Sjanger Eventyr, visuell roman
Spelemodus Einspelar

Phoenix Wright: Ace Attorney er eit dataspel innan sjangrane eventyrspel og visuell roman, utvikla av Capcom. Det var opphavleg utgjeve til Game Boy Advance i 2001 i Japan, og har sidan blitt utgjeve på fleire plattformer. Utgåva av spelet til Nintendo DS, titulert Gyakuten Saiban Yomigaeru Gyakuten i Japan, blei utgjeve i 2005 i Japan og Nord-Amerika, og i 2006 i Europa, og har engelsk tekst. Spelet er det første i Ace Attorney-serien, og har fått fleire oppfølgjarar og biprodukt.

Historia følgjer Phoenix Wright, ein fersk forsvarsadvokat som freistar å få sine klientar erklært «ikkje skuldig». Andre karakterar er sjefen til Phoenix, Mia Fey, assistenten hans og syster til Mia, Maya Fey og aktoren Miles Edgesworth. Spelaren kontrollerer Phoenix gjennom to typar av seksjonar: etterforsking og rettssak. Under etterforskingar samlar dei inn informasjon og bevis, og under rettsaker spør dei ut vitne og svarer på spørsmål frå dommaren, aktoren og vitna.[1] Historia er delt inn i fem saker, der den femte blei introdusert i Nintendo DS-utgåva for å utnytte spelemekanikkar som bruker peikeskjermen, som ikkje er tilgjengelege i den originale utgåva til Game Boy Advance.

Phoenix Wright: Ace Attorney − Justice for All er den direkte oppfølgjaren til spelet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Phoenix Wright: Ace Attorney