Pierce LePage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pierce LePage


Statsborgarskap Canada
Fødd 22. januar 1996 (28 år)
Whitby
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 2018, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn

Pierce LePage (fødd 22. januar 1996) er ein kanadisk friidrettsutøvar som tevlar i mangekamp. Han vart verdsmeister i tikamp under VM i friidrett 2023 i Budapest.

LePage gjekk i 2019 til topps i Décastar-tevlinga i Talence på personbeste 8 453 poeng. Om hausten kom han på femteplass ved VM i friidrett 2019 i Doha med 8 445 poeng. Sommaren 2021 vart han nummer 2 i Götzis-stemnet med 8 534 poeng og så 5 under dei olympisk leikane i Tokyo med 8 604 poeng. Året etter vann han sølvmedaljen i VM i friidrett 2022 i Eugene med 8 701 poeng, der franske Kévin Mayer sigra. Ved verdsmeisterskapen 2023 presterte LePage livsbeste 8 909 poeng og sikra seg dermed gullmedaljen med god margin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]