Kévin Mayer
Kévin Mayer | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 10. februar 1992 (31 år) Argenteuil |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tikamp menn, 2013 European Athletics Indoor Championships – men's heptathlon, EM i friidrett innandørs 2021, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tikamp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn |
Utmerkingar |
ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Årets friidrettsutøver i Europa, Champion des champions français de L'Équipe |
Kévin Mayer (fødd 10. februar 1992) er ein ein fransk mangekjempar frå Argenteuil, sidan 2018 verdsrekordhaldar i tikamp med 9 126 poeng. Han vann gullmedaljen i tikampen under friidretts-VM 2017 i London og har elles vunne sølvmedaljen i tikamp-tevlinga i så vel EM i friidrett 2014, som i Sommar-OL 2016 og Sommar-OL i 2021.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Mayer vart fjerdemann i tikampen ved Moskva-VM 2013, etter å ha sett personleg rekord. I Friidretts-EM 2014 forbetra han rekorden sin til 8 521 poeng og fekk sølv. To år seinare flytta han sitt personbeste til sterke 8 834 poeng i Rio de Janeiro, men hamna likevel 59 poeng bak Ashton Eaton i kampen om OL-gullet. Under verdsmeisterskapen 2017 i London sanka Mayer 8 768 poeng og vart verdmeister med solid margin.
15. og 16. september 2018 hadde Mayer fullklaff i Decastar-tevlinga i Talence og sette verdsrekord i tikamp med 9 126 poeng. Etter å ha vore hemma av skadar i eit par år, kom han tilbake og sikra seg eit nytt OL-sølv i tikamp då sommarleikane i Tokyo vart avvikla i august 2021.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 2012 i London: Nr 15 – 7 952 poeng
- VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 8 446 poeng
- EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 8 521 poeng, bakom Andrej Krautsjanka (8 616 poeng)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 8 834 poeng, bakom Ashton Eaton (8 893 poeng)
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 8 768 poeng, framom Rico Freimuth (8 654 poeng)
- EM 2018 i Berlin: Braut etter andre øvinga
- VM 2019 i Doha: Braut etter åttande øvinga
- OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 8 726 poeng, bakom Damian Warner (9 018 poeng)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kévin Mayer» frå Wikipedia på tysk, den 7. mai 2022.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Kévin Mayer» (på engelsk). olympedia.org. Henta 20. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1992
- Franske mangekjemparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Frankrike
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike
- Franske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Franske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Franske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020