Piet Kleine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piet Kleine
Piet Kleine (2006).jpg
Fødd 17. september 1951
Hollandscheveld
Piet Kleine på Commons
Piet Kleine i 1973

Pieter Kleine, kjend som Piet Kleine, (fødd 17. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Hollandscheveld. Han vart olympisk meister på 10000 meter under Vinter-OL 1976 og verdsmeister i firkamp same sesongen.

Kleine fekk sitt gjennombrot i 1973-sesongen med ein tredjeplass i VM i firkamp. To sesongar seinare kom på same pallplassen då EM 1975 vart avvikla i Heerenveen.

Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck tok Kleine sølvmedaljen på 5000 meter, slått med to sekundar av norske Sten Stensen. Tre dagar seinare revansjerte Kleine seg og gjekk til topps på 10000 meter. I eit seint par kom han i mål på tida 14.50,5, og slo dermed Stensen si leiartid med knappe tre sekundar. Eit par veker seinare vann Kleine firkamp-VM i Heerenveen, framom nettopp Stensen.

Kleine vart i 1978 nederlandsk firkampmeister for fyrste og siste gong, elles kom han seks gongar på andreplassen i den nasjonale meisterskapen i tida 1973-81. Internasjonalt markerte han seg lite etter 1976-sesongen, eit OL-sølv på 10 000 meter under Vinter-OL 1980 i Lake Placid var hans einaste pallplassering.

Han la opp etter 1981-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]