Pikmin 3
| Pikmin 3 | |||
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Distributør | Nintendo eShop | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Shigefumi Hino Yuji Kando | ||
| Produsent(ar) | Hiroyuki Kimura | ||
| Serie | Pikmin | ||
| Plattform(er) | Wii U, Nintendo Switch | ||
| Utgjeving | Wii U JP: 13. juli 2013 EU: 26. juli 2013 NA: 4. august 2013 Nintendo Switch 30. oktober 2020 | ||
| Sjanger | Strategi | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 7 | ||
| Nettstad | http://pikmin3.nintendo.com/, https://www.nintendo.com/fr-fr/Jeux/Jeux-Wii-U/Pikmin-3-640076.html | ||
| Del av serien Pikmin⠀ | |||
| ←Pikmin 2⠀ · Pikmin 3 Deluxe→ | |||
Pikmin 3 er eit strategispel utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet er etterfølgjaren til Pikmin 2 frå 2004 og det tredje spelet i Pikmin-serien. Det vart opphavleg utgjeve i 2013 til Wii U, byggjer vidare på spelemekanikkane som vart introduserte i tidlegare Pikmin-spel og legg til nye funksjonar, mellom anna nye spelefigurar, nye typar pikmin og nedlastbart innhald. Ei utvida utgåve av spelet, Pikmin 3 Deluxe, kjem ut til Nintendo Switch den 30. oktober 2020.[1]
I kampanjemodusen i Pikmin 3 styrer spelaren dei tre romvesena Alph, Brittany og Charlie, som skal utforske planeten «PNF-404» for å finne frø som kan kultiverast for å redde folket på heimplaneten deira, Koppai, frå ein hungersnaud. Dei treffer på og allierer seg med pikmin, som hjelper dei i utforskinga av planeten.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Pikmin 3 Deluxe er annonsert». Gamer.no. Henta 2020-10-17.
- ↑ «Wii U: Pikmin 3». Nintendo. Henta 2019-07-16.