Vivekananda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vivekananda.

Swami Vivekananda (fødd Narendra Nath Datta12. januar 18634. juli 1902), var ein hinduistisk munk frå Calcutta i Britisk India.

Vivekananda var ein nykelperson i å innføra indisk filosofi, særleg yoga og vedanta, til Vesten, og han fekk mykje ære for å verka til forståing mellom ulike trussystem. Han var ei viktig drivkraft i gjenopplivinga av hinduismen i Britisk India som førte til nasjonalismen i kolonistaten. Vivekananda var den største læresveinen av den heilage Ramakrishna og vart grunnleggjaren av Ramakrishna Math og Ramakrishna-misjonen Han er gjerne mest kjend for at han alltid starta dei inspirerande talane sine med orda "Systrer og brør av Amerika." Desse talane vart ein innfallsport for hinduismen i Parlamentet for verdsreligionane i Chicago i 1893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne hinduismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.