Pipilotti Rist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pipilotti Rist
Pipilotti Rist at Fundació Joan Miró in Barcelona.jpg
Fødenamn Elisabeth Charlotte Rist
Fødd 21. juni 1962
Grabs
Sjanger installasjonskunst
Yrke kunstnar, fotograf, filmregissør, manusforfattar, filmfotograf

Pipilotti Rist (fødd 21. juni 1962 som Elisabeth Charlotte Rist) er ein sveitsisk videokunstnar.

Rist er frå Grabs i Sveits. Ho utdanna seg i Wien og Basel, og bur og arbeider i Zürich og Neuchâtel.

Ho arbeider hovudsakleg med videoinstallasjonar som speler på teknologi, språk, musikk og rørsle. Dei todimensjonale installasjonane hennar framstår som videoskjermar montert på veggen. I dei tredimensjonale er videoen ein del av eit større heile. Karakteristisk for videoane til Rist er at dei refererer til ulike sjangerar som dokumentar, pseudo-dokumentar, fiksjon og pop-videoar. Inspirasjonskjeldene hennar er oftast erfaringar frå dagleglivet og populærkulturen.

Nokre av hennar best kjende verk er Sip My Ocean (1996), Ever is Over All (1997), Homo Sapiens Sapiens (2005) og Gravity, Be My Friend (2007).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pipilotti Rist