Pisanello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannes VIII Palaiologos, 1438
Ginevra d'Este, 1435-49

Antonio di Pucci Pisano, betre kjend som Pisanello (ca 13951455) var ein italiensk målar og medaljegravør under ungrenessansen. Kunstsynet hans var prega av både seingotikk og gryande renessanse. Særleg med sine portrettmedaljar vart han ein pioner i renessansen i Nord-Italia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Pisano var fødd i Pisa og elev av Gentile da Fabriano. Arbeida til Pisanello verk viser ei nøyaktig og detaljert attgjeving av røyndomen. Helgenen Eustachius sitt syn er eit framifrå døme på Pisanellos naturalisme, hans måte å gjengi riddarskapen og hans beundring for naturen. Dei fleste av Pisanellos mange freskar har vorte øydelagde. Berre to av dei er bevart, begge desse er i kyrkjer i Verona; Maria får bodskapen i San Fermo og Helgenen Georg og prinsessa i Sant'Anastasia-kyrkja.

Ved sidan av talrike måleri av helgen-legender var Pisanello kjend for sine måleri av dyr. Desse bileta utmerka seg ved det naturtru uttrykket. Men særleg ry fekk han, då han som ein av dei fyrste, modellerte medaljongar med portrett som deretter vart støypt i metall. Frå kring 1435 arbeidde han ein del med den kunstforma. Ein medalje frå 1438 som syner den bysantinske keisaren Johannes VIII Palaiologos er døme på kor langt han nådde på det feltet.

Pisanello arbeidde i både Verona, Venezia, Pavia, Roma, Ferrara, Rimini, Milano, Mantova og Napoli. Codex Vallardi er eit samleverk frå den tid som viser Pisanellos teikningar og modellar. Kring 1425 stod elles Pisanello for den fyrste aktstudien av ein kvinnekropp i nyare kunstsoge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pisanello

Kjelder[endre | endre wikiteksten]