Platte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dekorerte platter

Ei platte er ein dekorert tallerken eller ei skål laga for å henge på veggen til pynt. Platter kan vera av porselen eller fajanse.

Juleplatter er platter som er laga i samleseriar, ei ny til kvar jul. Mange humanitære organisasjonar har laga eller lagar samlarplatter som er selde kvart år til inntekt for arbeidet i organisasjonen.

I Danmark laga Den Kongelige Porcelænsfabrik dei fyrste plattene med dagsaktuelle motiv for opphenging på vegg i 1888, og i 1895 sende Bing & Grøndahl ut den fyrste juleplatta. Porsgrunds Porselænsfabrik lagde dei fyrste minneplattene i 1898 i samband med landsutstillinga i Bergen. Ved unionsoppløysinga i 1905 vart det laga særleg mange minneplatter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]