Tallerken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keramikktallerken frå mayariket (600-900-talet).

Tallerken eller tallerk er ei rund og flat plate med opphøgde kantar til å eta av eller servera mat på. Ein liten tallerken kan ein kalla asjett.

Tallerkenar kan vera av keramikk og steintøy som porselen og fajanse, men òg av metall, tre, lauvblad og plast.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Orda «tallerk» og «tallerken» kjem frå lågtysk tallorken, eit diminutiv av tallor. Dette igjen er til slutt avleidd frå romanske ord for 'skjerefjøl' eller 'spikkefjøl'.[1][2]

Asjett er avleidd frå fransk assiette,[3] som viser til det å setja gjester ved eit bord eller til ein matrett.[4] Nokre stadar i Noreg (særleg på Vestlandet) nyttar ein òg «fat» i staden for «asjett» eller etetallerken som ein del av daglegtalen. Andre stadar blir ordet «fat» berre brukt om ein større tallerken for utdeling av mat til mindre einingar som ein et maten frå.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Firkanta tallerken med rundt søkk.

Tallerkenar kan vera runde, firkanta eller mangekanta.

Ein har følgjande hovudutformingar:

  • djup etetallerken
  • flat etetallerken
  • serveringtallerken (fat)

Den djupe tallerkenen er meir skålliknande enn den fatliknande flate tallerkenen. Den djupe tallerkenen blir særleg nytta til flytande føde som suppe og graut, medan fast føde blir ete av flate tallerkenar. Såleis vil det ofte følgja ei skei med til den djupe tallerkenen, medan den flate tallerkenen gjerne blir dekka på saman med kniv og gaffel.

Tallerkenar har som regel ei stor flate der maten ligg og kantar rundt. Ein del tallerkenar kan ha større kantar, med matdelen som eit mindre søkk. Nokre tallerkenar kan vera oppdelte i fleire slike søkk, slik at ein til dømes kan ha fleire ulike rettar som ikkje rører kvarandre i dei.

Ein tallerken kan vera udekorert, til dømes i kvit porselen, med dekor på matflata eller kanten, eller over det heile. Dekorerte tallerkenar som er laga mest for utstilling blir kalla platter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Friedrich Herlin frå 1466 som viser eit måltid med små tallerkenar.

Bruken av flate tallerkenar til kvart måltid er ei nokså moderne oppfinning. I antikken brukte ein som regel meir skålforma kar av leire eller dyrebare materiale. I mellomalderen brukte ein i mange europeiske land anten brød eller tilhøvla treplater som underlag for mat. Treplata var gjrne så stor at minst to personar kunne skjera opp maten sin på henne. Seinare blei platene delte i mindre delar, og med avsaga hjørne oppstod den mangekanta talerkenforma som etterkvart blei gjort rund.

På 1500-talet kom tinntallerkenen på moten, og på 1700- og 1800-talet blei han spreidd i breie krinsar. Også allmugen tok dei i bruk, men brukte dei mest ved høgtidelege høve, medan tretallerkenar framleis var viktigast til dagleg bruk. Tallerkenar i fortinna koppr var eit billigare alternativ. Eit anna billig alternativ var fortinna blekk, som var i bruk til inn på 1900-talet. Sist på 1800-talet byrja ein laga tallerkenar i emaljert blekk som eit mer hygienisk materiale.

Ein har også brukt meir eksklusive materiale som sølv og gull til tallerkenar. På 1800-talet bestilte Napoleon III eit servise med tallerkenar i det då særs eksklusive materialet aluminium. Då aluminium blei billigare enn kopar på 1890-talet blei aluminiumtallerkenar eit alternativ til blekktallerkenane.

Porselen har også vore eit stadig viktigare materiale for tallerkenear. Tidleg på 1600-talet byrja ein importera større mengder porselenstallerkenar og anna servis frå Kina til Europa i början av 1600-talet, og ganske snart blei dei også kopierte i fajanse. Det tok likevel lang tid før slike tallerkenar blei så billige at dei kunne vera til vanleg bruk. På andre halvdelen av 1800-talet byrja likevel det billigare flintgodset å gjera porselenstalerkenar tilgjengelege for dei fleste. Gjennom funksjonalismen i 1930-åra og seinare er tallerkenar blitt standardiserte for å passa i skap og oppvaskmaskinar. Dei keramiske materiala og dekoren er også blitt utbetra for å tola kraftigare slitasje.[5]

På 1900-talet byrja ein også å laga tallerkenar i ulike plastmateriale, og eingongstallerkenar i vokspapir. På 2000-talet er det også blitt vanleg å selja nedbrytbare eingongstallekenar laga av blad eller bambus.[6][7][8] Blad frå til dømes banan har tradisjonelt vore eteunderlag ein rekkje stader.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «tallerken» i Nynorskordboka.
  2. «tallerken — ODS», ordnet.dk, henta 1. september 2019 
  3. «adjett» i Nynorskordboka.
  4. «Definition of ASSIETTE», www.merriam-webster.com (på engelsk), henta 1. september 2019 
  5. «tallerken». Store norske leksikon (på norsk). 21. januar 2019. 
  6. «Biodegradable Palm Leaf Plates, Bowls and Serving Dishes», www.littlecherry.co.uk, henta 1. september 2019 
  7. «Biodegradable Palm Leaf Plates, Bowls, Trays and Canape Dishes ‹ Palm Leaf Range ‹ Products :: JSD Products (UK) Ltd.», www.jsdproducts.co.uk, henta 1. september 2019 
  8. «Large Bamboo Plate», Luna & Curious, arkivert frå originalen 1. september 2019, henta 1. september 2019