Platypné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Platypné er ein type andenaud (dyspné) som minskar i liggjande stilling, og vert forverra i sitjande eller ståande stilling.[1] Det er det motsette av ortopné. Tilstanden blei fyrste gang skildra i 1949 og namngjeven i 1969. Ortodeoksi er ein nærskyld tilstand som er kjenneteikna ved låg oksygenmetting i oppreist stode, som besnar når ein legg seg ned.[1] Platypné og ortodeoksi er ofte sameksisterande, ein kombinasjon kjend som platypné-ortodeoksi-syndrom. Syndromet er svært uvanleg.

Platypné skuldast anten hepatopulmonalt syndrom,[1] eller ein kardiovaskulær defekt som aukar posisjonell høgre-venstre-shunt (blodstraum frå høgre til venstre del av kretsløpssystemet). Desse defektane inneber sjeldsynte syndrom der venøst blod frå levra ikkje passerer gjennom lungene, eller passerer gjennom portalkretsløpet til nedre holvene utan å krysse levra.

Ordet «platypné» kjem av gresk platus 'flat' og pnoia 'ande'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gallefoss, Frode (6. september 2011). «Levertransplantasjon i stedet for lungetransplantasjon». Tidsskriftet.no (Tidsskrift for Den norske legeforening). Henta 1. oktober 2016.