Plutomånen Styx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Styx
Styx fotografert 13. juli 2015 av New Horizons-sonden
Oppdaging
Oppdaga avMark Showalter med fleire
Oppdagingsdato26. juni 2012
Nemningar
Namnsett etter
Styx
Baneskildring
Satellitt avPluto
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar7 × 5 km[1]

Styx (tidleg etter oppdaginga ofte kalla P5) er ein av månane til dvergplaneten Pluto. Han vart oppdaga 26. juni 2012 av eit større lag leitt av Mark Showalter som brukte romteleskopet Hubble.

Basert på bilete frå New Horizons-sonden er månen estimert til å ha ein storleik på 7 × 5 km, og ein reknar med at han truleg har ei ljos og isete yte til liks med Nix og Hydra.[1]

Styx er namnsett etter elva Styx i gresk mytologi.

Hubble-bilete av Styx og resten av plutosystemet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.