Point Barrow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Point Barrow
nes
Arctic Shore at Barrow Alaska.jpg
Land Flag of the United States.svg USA

Point Barrow
71°23′20″ N 156°28′45″ W
Wikimedia Commons: Point Barrow

Point Barrow eller Nuvuk er eit av dei nordlegaste punkta på det amerikanske kontinentet, og det nordlegaste punktet i USA. Det ligg ved Nordishavet, 15 km nordaust for Barrow i Alaska. Nordspissen av Boothia Peninsula ved Bellot Strait i Nunavut i Canada ligg lenger nord. Point Barrow markerer grensa mellom to randhav i Nordishavet, Tsjuktsjarhavet i vest og Beauforthavet i aust.[1]

Staden blei fyrst sett av europearar i 1825 ved Frederick William Beechey og kalla opp etter John Barrow, ein politikar og geograf ved det britiske admiralitetet.

Arktisk utkikspost[endre | endre wikiteksten]

Frå Wilkins-Detroit Arctic Expedition

Nordspissen av Alaska er berre isfri to-tre månader av året, og Point Barrow har tent som utgangspunkt for mange arktiske ekspedisjonar, så vel som hovudkvarter for redningsaksjonar etter sakna oppdagarar. I åra 1926–1928 var Point Barrow base for Detroit Arctic Expedition med Hubert Wilkins og Carl Ben Eielson si flyging til Spitsbergen den 15. april 1928.

Point Barrow er i dag òg base for global overvaking av atmosfæren, Global Atmosphere Watch.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ukpeagvik-haugar
Utsyn frå Point Barrow.

Arkeologiske funn tyder på at Point Barrow var folkesett av forfedrane til iñupiatfolk i nesten 1000 år før dei fyrste europearane kom til staden. Desse folka fortsette å bu her fram til 1940-talet. Neset er ein viktig funnstad med gravstader og gjenstandar knytt til Thulekulturen, mellom anna uluknivar og bolasvåpen. Havet utanfor Point Barrow ligg på migrasjonsruta til grønlandskvalen, og ein går ut frå at busetjinga gjorde det enklare å jakta han.[2] Det finst også gravhaugar i området, ved Birnirk-staden i nærleiken. Dei er knytte til Birnirk-kulturen, som var tidlegare enn Thulekulturen og fyrst blei identifisert i 1912 av Vilhjalmur Stefansson under utgravingar her.[3]:72

Point Barrow blei fyrst nemnd i ei amerikansk folketejing i 1880 som inuittlandsbyen Kokmullit (eller Nuwuk).[4] Alle dei 200 innbyggjarane var inuittar.[5] I 1890 blei staden oppført som Point Barrow, som omfatta kvalfangststasjonen og dei innfødde busetnadane Nuwuk, Ongovehenok og vinterlandsbyen på elva «Kugaru» (Inaru). Ved denne teljinga hadde han 152 innbyggjarar, 143 av dei innfødde, 8 av «other race» og 1 «white».[6] I 1928 blei det rapportert at staden berre hadde tre klynger med hytter langs kyststripa. Barrow tente etterkvart som handelssenter for gamle og nye innbyggjarar ved den aude arktiske kysten. Staden omfatta ein landhandel, ein presbyteriansk misjon, eit statleg hospital og ein skule. Folketalet i dag er ca. 4 500.

Fly og rakettar[endre | endre wikiteksten]

Det er i dag to små flyplassar i området, Browerville og Wiley Post - Will Rogers Airport. I eit forsøk på å fly rundt jorda, havarerte Wiley Post og Will Rogers i Barrow den 15. august 1935. Det er reist ein minnestein for ulykka på staden.

Frå Point Barrow blei det i åra mellom 1965 og 1972 skote opp nokre forskingsrakettar av typen «Nike Cajun» og «Nike Apache».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Point Barrow