Pokémon Ruby og Sapphire
| Pokémon Ruby og Sapphire | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | Game Freak | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Distributør | Nintendo | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Junichi Masuda | ||
| Serie | Pokémon | ||
| Plattform(er) | Game Boy Advance | ||
| Utgjeving | JP: 21. november 2002 NA: 19. mars 2003 EU: 25. juli 2003 | ||
| Sjanger | Rollespel | ||
| Spelemodus | Enkeltspelar, fleirspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 3 | ||
| Nettstad | https://www.pokemon.com/us/pokemon-video-games/pokemon-ruby-version-and-pokemon-sapphire-version/ | ||
| Del av serien Pokémon hovudserie, Pokémon tredjegenerasjonsspel⠀ | |||
| ←Pokémon Crystal⠀ · Pokémon FireRed og LeafGreen→ | |||
Pokémon Ruby og Pokémon Sapphire er dei tredje rollespela i Pokémon-serien, utvikla av Game Freak og utgjevne av Nintendo på Game Boy Advance. Spela vart lansert i Japan i 2002, og resten av verda i 2003. Pokémon Emerald, ei utvida utgåve av spela, kom ut to år seinare.
Spelmekanikkane er for det meste uendra frå dei tidlegare spela i Pokémon-serien. Spelaren kontrollerer hovudpersonen i spelet sett ovanifrå, og kontrollane er i hovudsak dei same som dei var i dei førre spela. Som med tidlegare Pokémon-spel er målet i spelet å fange alle pokémonane i spela og nedkjempe Elite Four, ei gruppe av Pokémon-trenarar. I tillegg har spelet ei underhistorie der hovudpersonen kjempar mot ein kriminell organisasjon som prøver å ta over regionen. Nye funksjonar har vorte lagt til i spelet, som doble kampar og nye eigenskapar hjå pokémonane. Det er også mogleg å linke opp til fire konsollar samstundes med Game Boy Advance. Spela stør også ekstrautstyret e-Reader og linking med andre spel innan same generasjonen Pokémon-spel.
Ruby og Sapphire fekk for det meste positive omtalar sjølv om enkelte var delte i vurderinga av spela, særleg om spelmekanikkane og grafikken. Dei fleste klagane fokuserer på at spelmekanikkane har endra seg lite frå dei tidlegare spela i serien. Sidan populariteten til Pokémon var på veg nedover i 2002, og fenomen som Yu-Gi-Oh! byrja å verte populære, selde spelet mindre enn dei tidlegare generasjonane i Pokémon-serien. Likevel vart spela komersielle suksessar, og med om lag 13 millionar selde kopiar er spela dei som har selt mest på Game Boy Advance-plattforma.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |