Polarfronten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Polarfront)
Denne artikkelen handlar om vêrfronten. For vêrskipet, sjå MS «Polarfront».


Polarfronten er grenseområdet mellom dei polare cellene og ferrelceller på kvar halvkule. Denne grensa markerer eit skarpt temperaturskilje mellom den kalde polarlufta og varm subtropisk luft. Denne temperaturskilnaden inneber mykje potensiell energi som kan gje energi til lågtrykk og vind (kinetisk energi). I desse frontsonene er det òg mykje fuktig luft som kan dannast om til nedbør. Dette òg frigjer energi som blir brukt til å drive lågtrykkssystema.

Når det oppstår eit lågtrykk i frontsona på nordlege halvkule vil vinden alltid blåse mot klokka rundt lågtrykket, medan det er motsett på sørlege halvkule. Vanlegvis vil den varme lufta ligge på ekvatorsida av lågtrykket, medan kaldlufta er på polsida. På den nordlege halvkula betyr det at det blir danna ein varmfront aust for lågtrykket, og ein kaldfront i vest.

Ved polarfronten konvergerer (møtes) polarlufta og den subtropiske lufta ved overflata. Dette fører til stigande luftrørsler i fronten, som først stoppar å stige når dei når toppen av troposfæren. I dette nivået blir luftstraumen bøygd av, og på grunn av Corioliskrafta vil lufta her strøyme austover. Denne kraftige luftstraumen blir kalla den polare jetstraumen. Denne kraftige vestavinden er hovudårsaka til at lågtrykk som oppstår i polarfronten vanlegvis blir førte austover.

Det var Vilhelm Bjerknes og Bergensskulen som først påviste polarfronten og rolla han har i utviklinga av lågtrykk tidleg på 1900-talet, og danna med det grunnlaget for moderne vêrvarsling.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]