Polaris Media

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polaris Media
SelskapsformAksjeselskap OSE: POL
Org.nr.992 614 145
Skipa25. april 2008
DotterselskapFINN.no, Polaris Media Nord-Norge, Polaris Media Midt-Norge Sjå dette på Wikidata
Bransjemassemedium
HovudkontorTrondheim Sjå dette på Wikidata
StyreleiarTrond Berger
Adm. direktørPer Axel Koch
Tilsetteca. 1026

Polaris Media ASA er eit norsk børsnotert mediekonsern. Det vart etablert i 2008 ved ein fusjon av Adresseavisen ASA og Harstad Tidende-gruppen.

Selskapet vart skipa 25. april 2008. Forretningsadressen er på Heimdal i Trondheim (tidlegare Adresseavisen ASA), og administrerande direktør er Per Axel Koch [1]. Største aksjonær er Seb Enskilda AS med 32,21 % av ein aksjekapital på 48 897 418 NOK.

28 redaksjonar med om lag 450 redaksjonelle medarbeidarar fell inn under Polaris Media-paraplyen, medan konsernet totalt har om lag 1900 tilsette. Selskapet hadde i 2009 ein omsetnad på 1,7 milliardar NOK. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brønnøysundregistrene
  2. Nøkkeltal for Polaris Media, arkivert frå originalen 2011-06-10, henta 3. mai 2011