Polarkvervel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Polarvirvel)

Polarkvervelen er ein vedvarande, storskala syklon som ein finn nær polane i den midtre og øvre troposfæren og i stratosfæren. Kvervelen er kraftigast på vinterhalvkula når temperaturgradienten er størst, og blir liten eller kan forsvinne om sommaren. Polarkvervelen over Antarktis er meir tydeleg og vedvarande enn den over Arktis. Dette kjem av at fordelinga av landmassar på høge breiddegrader på nordlege halvkule fører til rossbybølgjer som medverker til å bryte ned kvervelen. På sørlege halvkule er kvervelen meir eller mindre uforstyrra. Kvervelen over Arktis er òg meir langstrakt og har to senter, eitt om lag over Baffin Island i Canada og det andre over det nordaustlege Sibir.

Kjemiske prosessar i den antarktiske polarkvervelen har ført til kraftig nedbryting av ozon. Salpetersyre i perlemorskyer reagerer med KFK-gassar og dannar klor, som er ein katalysator for fotokjemisk nedbryting av ozon. Klormengda bygger seg opp om vinteren, og ozonnedbrytinga blir dermed størst når sollyset kjem tilbake om våren (september/oktober). Desse skyene kan berre dannast i temperaturar rundt -80 °C, så sidan Arktis er varmare, er det ikkje ozonhol her.

Andre planetar og månar i solsystemet er òg kjend for å ha polarkvervlar, inkludert Venus, Mars, Jupiter og Saturnmånen Titan.