Syklon


Ein syklon er eit område med lågt trykk i atmosfæren som er karakterisiert ved vind som på nordlege halvkule bles mot klokka i ein spiral inn mot senteret av lågtrykket.[1][2] På den sørlege halvkule er vindretninga med klokka rundt syklonen.[3][4]
Syklon er eit generelt meteorologisk omgrep som dekkjer ei rekkje forskjellige roterande system, som tropiske syklonar, ekstratropiske syklonar og tornadoar, og blir sjeldan brukt utan at det er spesifisert kva type syklon det er snakk om.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Ordet «syklon» innført av Henry Piddington, ein tilsett ved Det britiske austindiakompaniet som gav ut 40 artiklar om tropiske stormar frå Calcutta mellom 1836 og 1855 i The Journal of the Asiatic Society.[5] Ordet er avleidd frå gresk κύκλος (kýklos), som tyder ‘sirkel’ eller ‘ring’ på gammalgresk, på grunn av sirkelrørsla til vinden i ein syklon.[6] Andre meiner at Piddington tok ordet frå det greske ordet «cyclos» som tyder «kveila som ein slange».
Struktur
[endre | endre wikiteksten]Det er fleire strukturelle eigenskapar som er felles for alle typar syklonar. Senteret av syklonen er området som har lågast lufttrykk.[7] I fullt utvikla tropiske og subtropiske syklonar vert senteret kalla «auget».[7] Nær senteret av syklonen må trykkgradientkrafta og corioliskrafta vere i tilnærma balanse, elles ville syklonen ha kollapsa inn i seg sjølv på grunn av trykkskilnadane. Lufta strøymer rundt syklonar mot klokka på nordlege halvkule og med klokka på den sørlege halvkula på grunn av corioliseffekten.[8]
Kategoriar
[endre | endre wikiteksten]Dei forskjellige syklontypane har i tillegg spesielle eigenskapar som gjer at dei kan definerast som polare syklonar, polare lågtrykk, ekstratropiske syklonar, subtropiske syklonar, tropiske sykloner eller mesosyklonar (som er dei seks hovudgruppene).
Polar syklon
[endre | endre wikiteksten]Ein polar syklon (òg kalla arktisk syklon) er eit stort område med lågtrykk. Dei er ikkje det same som polare lågtrykk, som har likskapstrekk med tropiske syklonar. Syklonen blir styrka om vinteren og veiknar om sommaren.[9]
Ein polar syklon dekkar vanlegvis eit område på 1000-2000 km[10] der lufta strøymer mot klokka (på den nordlege halvkula).
Polart lågtrykk
[endre | endre wikiteksten]
Eit polart lågtrykk er eit småskala lågtrykkssystem som ein finn i havområde på polsida av polarfronten på den nordlege og sørlege halvkula. Systemet har vanlegvis ein horisontal lengdeskala på mindre enn 1000 km og varer berre ein dag og to. Fordi polare lågtrykk oppstår i havområde der det ofte er langt mellom observasjonar, er dei ofte vanskelege å oppdage, og kan vere ein stor fare for skipstrafikk og gass- og oljeplattformar.
Ekstratropisk
[endre | endre wikiteksten]
Ein ekstratropisk syklon er eit lågtrykk på synoptisk skala som ein finn på midlare breidder, og som verken har eigenskapane til tropiske eller polare syklonar.[11] Dei oppstår i samband med vêrfrontar og horisontale temperaturgradientar i område kjend som barokline soner.[12] Dette er den typen syklon ein kjenner som lågtrykk i Noreg. Dei er kvardagsfenomen som i lag med høgtrykk driv vêret på mykje av jorda.[13]
Omgrepet «ekstratropisk» tyder at syklonen oppstår utanfor tropane, på midlare breidder, men i visse tilfelle kan tropiske syklonar bli omforma til ekstratropiske syklonar, og ekstratropiske syklonar til tropiske syklonar.[14]
Sjølv om ekstratropiske syklonar som regel vert klassifisert som barokline, siden dei blir danna i område med temperaturgradientar, kan dei seint i livssyklusen bli barotrope når temperaturfordelinga rundt syklonen er meir jamnt fordelt.[15]
Subtropisk
[endre | endre wikiteksten]Ein subtropisk syklon er eit vêrsystem som har nokre av eigenskapane til tropiske syklonar, og nokre av eigenskapane til ekstratropiske syklonar. Dei kan oppstå i område frå ekvator til 50º nord eller sør.[16]
Tropisk
[endre | endre wikiteksten]Ein tropisk syklon er eit stormsystem som blir drive av frigjeven varme frå fuktig luft som stig og kondenserer.[17] Omgrepet tyder at syklonen oppstår i tropane og har syklonske eigenskapar. Sidan det er varmemekanismar som driv dei, er dette system med varm kjerne, medan dei fleste andre syklonar har kald kjerne.[17][18]
Syklonane utviklar seg over store, varme vassmassar,[19] og tapar styrke om dei kjem over land.[20] Tropiske syklonar har forskjellige namn etter kvar dei oppstår og kva styrke dei har, slik som orkan, tyfon, syklon, tropisk storm og tropisk lågtrykk.
Tropiske syklonar kan produsere ekstremt kraftig vind, tornadoar, enorme mengder regn, høge bølgjer og stormflod.[21] Det kraftige regnet og stormfloda kan føre til omfattande flaum. Sjølv om konsekvensane ofte er katastrofale, kan dei t.d. ende lange tørkeperiodar. Dei fører varme bort frå tropane, og spelar ei viktig rolle i den globale atmosfæriske sirkulasjonen som opprettheld likevekt i troposfæren.[22]
Mesoskala
[endre | endre wikiteksten]Ein mesosyklon er eit stort område med vertikalt roterande luft, vanlegvis i samband med dei stigande luftrørslene til superceller. Mesosyklonar fører ofte til kraftig vind på overflata og kraftig hagl. I tillegg er dei ei av hovudårsakene til danninga av tornadoar.[23] Kvart år blir det danna rundt 1 700 mesosyklonar i USA, men berre halvparten av dei dannar tornadoar.[24]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ BBC Weather Glossary (Juli 2006). «Cyclone». BBC. Arkivert frå originalen 29. august 2006. Henta 24. oktober 2006.
- ↑ «UCAR Glossary — Cyclone». University Corporation for Atmospheric Research. Arkivert frå originalen 25. desember 2018. Henta 24. oktober 2006.
- ↑ Glossary of Meteorology (Juni 2000). «Cyclonic circulation». American Meteorological Society. Arkivert frå originalen 25. desember 2018. Henta 17. september 2008.
- ↑ Glossary of Meteorology (June 2000). «Cyclone». American Meteorological Society. Arkivert frå originalen 25. desember 2018. Henta 17. september 2008.
- ↑ Blyth, Caroline (2004). «Oxford Dictionary of National Biography». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/22221.
- ↑ «Hurricanes, Cyclones and Typhoons: What's in a Name?». National Environmental Satellite, Data, and Information Service. National Oceanic and Atmospheric Administration. 28. mai 2025. Henta 8. oktober 2025.
- 1 2 Chris Landsea and Sim Aberson (13. august 2004). «Subject: A11) What is the "eye"? How is it formed and maintained ? What is the "eyewall"? What are "spiral bands"?». Atlantic Oceanographic and Meteorological Laboratory. Arkivert frå originalen 14. juni 2006. Henta 28. desember 2009.
- ↑ «The Atmosphere in Motion» (PDF). University of Aberdeen. Arkivert frå originalen (PDF) 18. oktober 2012. Henta 11. september 2011.
- ↑ Halldór Björnsson (19. januar 2005). «Global circulation». Veðurstofa Íslands. Arkivert frå originalen 7. august 2011. Henta 15. juni 2008.
- ↑ Garima, Khera. «A vortex of winds-Cyclones – Geography and You». Arkivert frå originalen 2. mars 2021. Henta 14. januar 2021.
- ↑ Koutsoyiannis, D.; Langousis, A. (2011). «Precipitation». Treatise on Water Science. s. 27–77. ISBN 978-0-444-53199-5. doi:10.1016/B978-0-444-53199-5.00027-0.
- ↑ DeCaria (7. desember 2005). «ESCI 241 – Meteorology; Lesson 16 – Extratropical Cyclones». Department of Earth Sciences, Millersville University, Millersville, Pennsylvania. Arkivert frå originalen 3. september 2006. Henta 21. oktober 2006.
- ↑ «Weather Conditions». Met Office. Henta 7. november 2024.
- ↑ Atlantic Oceanographic and Meteorological Laboratory, Hurricane Research Division. «Frequently Asked Questions: What is an extra-tropical cyclone?». NOAA. Arkivert frå originalen 9. februar 2007. Henta 25. juli 2006.
- ↑ Ryan N. Maue (2008). «Chapter 3: Cyclone Paradigms and Extratropical Transition Conceptualizations». Florida State University. Arkivert frå originalen 10. mai 2008. Henta 15. juni 2008.
- ↑ Chris Landsea (6. februar 2009). «Subject: A6) What is a sub-tropical cyclone?». Atlantic Oceanographic and Meteorological Laboratory. Arkivert frå originalen 11. oktober 2011. Henta 27. desember 2009.
- 1 2 «StackPath». www.laserfocusworld.com. 10 August 2011. Arkivert frå originalen 14. april 2021. Henta 13. januar 2021.
- ↑ Stan Goldenberg (13. august 2004). «Frequently Asked Questions: What is an extra-tropical cyclone?». Atlantic Oceanographic and Meteorological Laboratory, Hurricane Research Division. Arkivert frå originalen 9. februar 2007. Henta 23. mars 2007.
- ↑ Chris Landsea (6. februar 2009). «Frequently Asked Questions: How do tropical cyclones form?». NOAA. Arkivert frå originalen 27. august 2009. Henta 26. juli 2006.
- ↑ Sim Aberson (6. februar 2009). «Subject : C2) Doesn't the friction over land kill tropical cyclones?». National Hurricane Center. Arkivert frå originalen 31. juli 2012. Henta 25. februar 2008.
- ↑ Shultz, James M.; Russell, Jill; Espinel, Zelde (Juli 2005). «Epidemiology of Tropical Cyclones: The Dynamics of Disaster, Disease, and Development». Epidemiologic Reviews 27 (1): 21–35. PMID 15958424. doi:10.1093/epirev/mxi011.
- ↑ «StackPath». www.laserfocusworld.com. 10. august 2011. Arkivert frå originalen 14. april 2021. Henta 14 January 2021.
- ↑ «Mesocyclone – SKYbrary Aviation Safety». www.skybrary.aero. Arkivert frå originalen 14. januar 2021. Henta 13. januar 2021.
- ↑ Forces of Nature. Tornadoes : the mesocyclone., arkivert frå originalen 16. juni 2008, henta 15. juni 2008
- BBC Weather Gloassary - Cyclone
- UCAR Glossary - Cyclone. University Corporation for Atmospheric Research.
- Keith C. Heidorn, PhD (2003-10-01). The Weather Doctor: Cyclone Origin.
- Banglapedia: Piddington, Henry.
- Cyclone Related Disasters - What Are Cyclones?. India Meteorological department Arkivert 2005-10-25 ved Wayback Machine.
- Richard Conan-Davies BSc Dip Ed (2003-05-14). ClearlyExplained.com - Cyclones. Arkivert 2007-01-17 ved Wayback Machine.
- Dr. DeCaria (2005-12-07). ESCI 241 – Meteorology; Lesson 16 – Extratropical Cyclones. Arkivert 2008-02-08 ved Wayback Machine. Department of Earth Sciences, Millersville University, Millersville, Pennsylvania.
- Robert Hart and Jenni Evans (2003). Synoptic Composites of the Extratropical Transition Lifecycle of North Atlantic TCs as Defined Within Cyclone Phase Space. American Meteorological Society.