Polyteisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei sju lykkegudane frå kinesisk og japansk tradisjon er eitt døme på fleirguderi.

Polyteisme, fleirguderi, er eit omgrep innan religionsfilosofi brukt om tru på at det finst fleire gudar. Polyteisme kan gje seg uttrykk i at ein dyrkar fleire ulike gudar på éin gong eller ved ulike høve, at ein sjølv dyrkar éin gud utan at ein nektar for at det finst andre gode gudar (henoteisme), eller at ein dyrkar éin gud og ikkje fornektar andre, men ikkje ser på dei som verdige for dyrking (monolatri). Det motsette av polyteisme er monoteisme.

Ei rekkje religionar som ofte blir kalla «heidenske» er polyteistiske. Ein finn til dømes fleire gudar i gammal-egyptisk, gresk, romersk og norrøn mytologi og i fleire religionar omfatta av omgrepa animisme og sjamanisme. Hinduismen og shintoismen er noverande store religionar som ofte blir rekna som polyteistiske, sjølv om nokre hinduar ser på alle gudane som manifestasjonar av éin guddom (brahman).

Eit polyteistisk trussystem vil ein ofte ha ei gudeforsamling, ein panteon, der gudane har ulike eigenskapar og verkeområde. Ein kan til dømes ha grøde- og vêrgudar, herskar- og luregudar, stadbundne gudar og stammegudar.