Poole Bay
Utsjånad
Poole Bay er ei bukt i Den engelske kanalen på kysten av Dorset sør i England. Ho går frå munningen av Poole Harbour i vest til Hengistbury Head i aust. Ho består av bratte sandsteinsklipper og fleire ravinar som gjer det lett å kome seg ned til sandstranda nedanfor. Kysten langs bukta vert stadig utbygd og delar av South East Dorset byområde, med delar av byane Poole, Bournemouth og Christchurch ligg her. Bukta vert stundom feilaktig kalla Bournemouth Bay,[1] sidan ho ligg innanfor kommunen Bournemouth.
Området kring Poole Bay vart danna under pleistocen-epoken, då elva Solent rann over heile Søraust-Dorset og Vest-Hampshire, forbi Isle of Wight.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Poole Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ t.d. Bournemouth Bay Fun Run Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.