Poole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Poole

Poole Quay
Poole Quay
Poole Quay
Motto
«Ad Morem Villae De Poole»
(I følgje skikkane i byen Poole)
Plassering
Poole is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt Poole
Geografi
Flatevidd
 - By

64,88 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

138 800
  2 139,3 /km²
Koordinatar 50°43′″N 1°59′″WKoordinatar: 50°43′″N 1°59′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BH
Telefon-retningsnummer 01202
Nettstad: www.poole.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Poole

Poole er ein kystby i Dorset i England, med status som sameint styresmakt. Han ligg ved Poole hamn, ei stor naturleg hamn. Poole og Bournemouth utgjer eit samanhengande urbant område.

Byen ligg i eit populært turistområde, med Bournemouth i aust, Studland mot sør og Jurassic Coast mot sørvest. Byen har vakse raskt, og området Sandbanks er så populært at det ein periode har hatt dei fjerde høgaste tomteprisane i verda. I dette området, og dessutan området austover frå hamna mot The Avenue, som er austgrensa til Poole, ligg det ei rekkje store bustader.

Hamna[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Poole hamn.

Poole hamn er ei av dei største naturlege hamnene i verda. Ho har vore i bruk i fleire hundre år, men i nyare tid har ho vore mindre brukt fordi ho er grunn og difor ikkje kan ta imot store, moderne skip. Hamneområdet har eit rikt økologisk mangfald, og området inkluderer blant anna Brownsea Island naturreservat, der speidarrørsla vart grunnlagt. Det er ferjetrafikk til Frankrike. Under andre verdskrigen la fleire av skipa som var involvert i invasjonen i Normandie ut frå hamna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området kring Poole hamn har vore busett i over 2000 år. Den keltiske stamma durotrigane levde der i jernalderen, med Wareham omkring 8 km vestover som kjerneområdet sitt. Poole-langbåten, ein ti meter lang båt laga av éi einskild eikestamme som er datert til 295 f.Kr, er funne i hamna. Truleg var hamna grunnare den gong, og eventuelle busetjingar frå perioden ligg no under vatn. I dei siste hundreåra før den romerske invasjonen flytta keltarane frå busetjingane sine på åsrygger i nærleiken, og ned til myrslettene i nord. Durotrigane dreiv truleg handel med venetiarane i Bretagne.

Poole var ein av stadene der romarane steig i land under invasjonen i det første hundreåret. Dei grunnla Hamworthy, eit område vest for dagens sentrum, og brukte hamna gjennom heile perioden dei var i Britannia.

normannarane invaderte i 1066 var Poole ein liten fiskarlandsby. Då ein byrja med ulleksport over hamna voks han raskt, og i 1433 fekk han statusen som Port of the Staple. Det var då handelssamband med område frå Baltikum til Spania. På 1600-talet byrja ein med transatlantisk handel og passasjertrafikk. Ved byrjinga av 1700-talet var Poole ei større og meir travel hamn enn rivalen Bristol. I samband med den industrielle revolusjonen vart området urbanisert, og det vart blant anna oppført fleire leigegardar. Dei fleste av desse vart rivne i 1960-åra.

Ved byrjinga av 1800-talet var ni av ti arbeidarar engasjert i tilknyting til hamna. Etterkvart byrja trafikken å minske sidan hamna er for grunn for moderne skip, og Liverpool, Southampton og Plymouth tok over som dei viktigaste hamnene. Dette førte naturleg nok til ein periode med høg arbeidsløyse.

Lenger utover på 1800-talet vart aktiviteten i hamna erstatta av turisme. Poole byrja igjen å vekse, og Bournemouth voks opp rett ved. Byen vart sterkt skadd av bombing under andre verdskrigen, og seinare byplanlegging har òg ført til riving av mange gamle bygningar, men i sentrum er fleire verna. Blant dei er marknadsbygningen frå 1761 og bygarden til sir Peter Thompson frå 1746, teikna av John Bastard, og dessutan bygningar frå mellomalderen som har fått nye fasadar.

1. april 1997 vart byen ei sameint styresmakt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Poole frå Wikivoyage