Potetsalat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kald potetsalat servert på restaurant

Potetsalat er ein matrett som hovudsakleg består av kokte potetar som er skorne i terningar, rømme og majones. Mange bruker også mange andre ingrediensar i potetsalaten, som creme fraiche, eple, lauk, raudlauk, vårlauk, purrelauk eller graslauk, sylteagurk, kapers, sitronsaft, sukker, og ulike andre frukter, krydder (som salt, peppar og sennep) og urter.

Ein blander ingrediensane saman og serverer potetsalaten anten kald eller luna, etter at han har fått stå ei tid og trekke.

I Noreg er det tradisjon for å servere potetsalat til blant anna grillmat og spekemat.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.