Potsjep
| Potsjep | |||
| Почеп | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Brjansk oblast | ||
| Areal | 20 km² | ||
| Folketal | 14 991 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1457 | ||
| • Bystatus | 1919 | ||
| Postnummer | 243400 | ||
| Retningsnummer | +7 48345 | ||
![]() Potsjep 52°56′00″N 33°27′00″E / 52.933333333333°N 33.45°E | |||
| Wikimedia Commons: Pochep | |||
Potsjep (russisk Почеп) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sørvest for Brjansk.
Potsejp vart grunnlagd i 1457 og vart nemnt som ein viktig by i Storhertugdømet Litauen. Han kom under Storfyrstedømet Moskva i 1503 og var lite viktig til rundt 1710, då hetman Ivan Skoropadskyj gav han til Fyrst Mensjikov. Sistnemnde grunnla fortet Aleksandropolis i nærleiken og starta produksjon av segl til russiske skip i Potsjep.
Industrien gjekk tilbake etter Mensjikov fall og byen stagnerte til 1750, då han kom inn under ein annan hetman, Kirill Razumovskyj, som planla å bygge sommerresidensen sin der. Det einaste minnet om desse planane er den vakre Gjenoppstandelseskyrkje, bygt i barokkstil av Antonio Rinaldi på 1750-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Potsjep» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
