Djatkovo
| Djatkovo | |||
| Дятьково | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Brjansk oblast | ||
| Folketal | 25 255 (2021) | ||
| Først nemnd i | 1626 | ||
| • Bystatus | 1938 | ||
| Retningsnummer | +7 48333 | ||
![]() Djatkovo 53°36′00″N 34°20′00″E / 53.6°N 34.333333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Dyatkovo | |||
Djatkovo (russisk Дя́тьково) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bolva, ei sideelv til Desna, rundt 40 km nordvest for Brjansk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Busetnaden vart oppretta i 1626. Han fekk bystatus i 1927.
Brjansk oblast var eit senter for partisanrørsla under den andre verdskrigen. I februar 1942 klarte sovjetiske partisanar å vinne attende kontrollen i Djatkovo og nærliggande landsbyar. Området låg langt inne i nazi-okkupert område. Partisanane gjenoppretta sovjetisk styre og dreiv eit sjukehus og diverse butikkar. Området vart gjenerobra av tyske styrkar i juni 1942.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Djatkovo er mest kjend for glasverket sitt og for Djatkovo krystallmuseum (eit museum for glaskunst), som er det største i landet i sitt slag. Byen har òg ein større møbelfabrikk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Djatkovo» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.
