Starodub

Koordinatar: 52°35′00″N 32°46′00″E / 52.58333°N 32.76667°E / 52.58333; 32.76667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den tidlegare byen i Vladimir oblast, sjå Starodub-na-Kljazme
Starodub
Стародуб
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til
Byvåpenet til


Plassering
Starodub is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Brjansk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1080
1781
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

18 399
Koordinatar 52°35′00″N 32°46′00″E / 52.58333°N 32.76667°E / 52.58333; 32.76667
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48348

Starodub (russisk Староду́б, tyder 'gammal eik') er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 18 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Babinets i nedslagsfeltet til Dnepr, rundt 140 km sørvest for Brjansk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starodub har vore kjend sidan 1000-talet, då han var ein del av Severia. Han vart brend ned til grunnen av mongolane på 1200-talet. På 1300-talet hamna byen under Storhertugdømet Litauen og seinare under Polen. Mellom 1503–1618 var Starodub ein del av Storfyrstedømet Moskva og så under Polen igjen til 1648. Under Khmelnytskyj-oppstanden vart byen senter for Starodub kosakkregiment og hadde ein stor grad av sjølvstyre mellom 1666 og 1686.

Starodub vart verande ein del av det sjølvstyrte Kosakk-hetmanatet til 1781, då han vart ein distriktsby. I 1796 vart Starodub innlemma i Tsjernigov gubernija. I 1917–1918 var byen okkupert av tyske styrkar. Sovjetisk autoritet vart gjenoppretta i november 1918.

Under Sovjetperioden var Starodub ein del av Homel-provinsen (1919–1926), Brjansk-provinsen (1926–1929), Vestre oblast (1929–1938) og Orjol oblast (1938–1944). Byen vart igjen okkupert av tyske styrkar mellom august 1941 og 22.september 1943. Starodub vart endeleg ein del av Brjansk oblast i 1944.

Attraksjonar og fortidsminne[endre | endre wikiteksten]

Som eit viktig senter for Kosakk-hetmanatet er Starodub den einaste staden i Russland der ein kan sjå autentiske døme på ukrainsk barokk. Kristi fødsels katedral, bygt i 1617 og restaurert etter ein brann i 1677, er eit typisk døme på kosakkbarokk. Openbaringskyrkja går tilbake til 1789, medan Nikolaikyrkja vart oppført i nyklassisk stil i 1802.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.