Prachuap Khiri Khan-fylket
Prachuap Khiri Khan-fylket | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Prachuap Khiri Khan-fylket | |||
Wikimedia Commons: Prachuap Khiri Khan Province | |||
Prachuap Khiri Khan er eit fylke i Thailand. Det har 539 534 innbyggjarar per 2014.[1] Fylkeshovudstaden er Prachuap Khiri Khan.
I fylket ligg Kui Buri nasjonalpark, som vart skipa i 1999.[2]

Nasjonalparken Khao Sam Roi Yot ligg i Kui Buri-distriktet. Foto frå 2011
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Fylket omfattar 8 distrikt (amphoe) og 48 underdistrikt (tambon). Talet på landsbyar er 388 (per 2020).
Transport[endre | endre wikiteksten]
Toglinja mellom Narathiwat og Bangkok-Thonburi-stasjonen, også kalla Sør-bana, har stasjonar i fylket. Bana går sørover via Chumphon-fylket og nordover via Phetchaburi-fylket.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «1 Demographic, population and housing statistics; Number of Population from Registration by Age, Sex and Province: 2016». National Statistical Office (NSO). Henta 19. desember 2017.
- ↑ One with nature. Bangkok Post. Vitja 10. juli 2020
- Denne artikkelen bygger på «Prachuap Khiri Khan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2020.