Ratchaburi-fylket
Ratchaburi-fylket จังหวัดราชบุรี | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Ratchaburi-fylket | |||
Wikimedia Commons: Ratchaburi Province | |||
Ratchaburi (thai จังหวัดราชบุรี, uttala t͡ɕāŋ.wàt râːt.t͡ɕʰā.bū.rīː) eller Rat Buri (râːt bū.rīː) er eit fylke vest i Thailand. Det grensar til Kanchanaburi, Nakhon Pathom, Samut Sakhon, Samut Songkhram og Phetchaburi. I tillegg grensar det til Tanintharyi-regionen i Myanmar i vest. Tenasserim-åsane er ei naturleg grense.[1]
Fylkeshovudstaden er Ratchaburi. Elva Mae Klong renn gjennom sentrum av byen.
I 2018 var det 873 518 innbyggarar i fylket.
Toglinjer[endre | endre wikiteksten]
Toglinja mellom Narathiwat og Bangkok-Thonburi-stasjonen, også kalla Sør-bana, har stasjonar i fylket. Bana går sørover via Phetchaburi-fylket og nordover via Nakhon Pathom-fylket. Det går også to sidelinjer, ei som ender i Suphan Buri-fylket og Nam Tok-bana («Burma-bana»), som no berre ender opp i Kanchanaburi-fylket.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Ratchaburi». Tourist Authority of Thailand (TAT). Arkivert frå originalen 2015-05-20. Henta 28 May 2015.