Predikator i lingvistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein predikator viser i språkvitskap til eit element i ei setning som avgjer, heilt eller delvis, kva for andre ledd setninga må innehalde for at ho skal vera fullstendig. Ein predikator er såleis berar av valens. Typiske predikatorar er verb og adjektiv . Verbet gje tek til dømes både eit subjekt, eit direkte objekt og eit indirekte objekt i setninga Ho gav dei ei gåve. Adjektivet redd tek eit subjekt og eit objekt-liknande ledd i setninga Ho er redd hunden. Omgrepet predikator er nærskyld, men ikkje identisk med omgrepet predikat. Omgrepet predikat har i språkvitskap to hovudtydingar. I den første tydinga refererer predikat til den delen av ei setning som seier noko om, eller predikerer noko om subjektet. I setninga Ho gav dei ei gåve er ho subjekt, medan gav dei ei gåve er predikat. Den andre tydinga er henta frå moderne logikk, der predikat refererer til eit verb eller ei anna eining som knyter til seg eit sett argument (eller komplement). Ut frå dette predikatsomgrepet er subjektet ho, det direkte objektet ei gåve og det indirekte objektet dei alle argument til predikatet gje. I denne andre tydinga er predikat synonymt med predikator.