Preservation Inlet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preservation Inlet er den sørlegaste fjorden i Fiordland National Park, og ligg ved det sørvestlege hjørnet til SørøyaNew Zealand, i regionen Southland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Preservation Inlet er ein lang og trong fjord som strekkjer seg i nordaustleg retning mellom Gulches Head i nord og Puysegur Point i sør. Coal Island ligg ved innløpet. Den inste armen vert kalla Long Sound, som er utløpet til elva Long Burn[1].

Ein større del av det indre Preservation Inlet er eit verna område innanfor Te Tapuwae o Hua (Long Sound) Marine Reserve.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden var kjend av tidlege sel-s og kvalfangarar, og fekk namnet sitt av kaptein Eber Bunker i 1809. Den første landbaserte kvalfangststasjonen på New Zealand vart etablert her i 1828[2] eller 1829, og dreiv fangst av sørkaper (engelsk Southern Right Whale) ((Eubalaena australis) i dette området[1]. I 1900 vart ein busetnad med namnet Cromarty etablert i Kisbee Bay. Det var meininga å dra nytta av både gullfunn i 1890-åra og fiske, men dette vara ikkje så lenge, og i dag er det få leivningar att av busetnaden.[1][3].

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Etter ein massiv fangst gjennom mange år, er sørkaperkval/sørleg rettkval (rettkvalfamilien) endeleg starta å koma attende til staden[4][5][6]. Der er uverifiserte observasjonar av hektordelfinar i området[7].

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Der er ingen vegar langs kysten på denne staden. Men ei turrute hit går frå Tuatapere. Der er også åtkome til fjorden sjøvegen og med fly. [1] Arkivert 2015-09-25 ved Wayback Machine.

Koordinatar: 46°08′S 166°34′E

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Wises New Zealand Guide, 7th Edition, 1979. ss. 355-56
  2. New Zealand Encyclopaedia 1966: Shore-based whaling
  3. Wises New Zealand Guide, 7th Edition, 1979. s. 77
  4. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. mai 2010, henta 29. februar 2012 
  5. http://www.scoop.co.nz/stories/AK0905/S00270.htm
  6. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. oktober 2008, henta 29. februar 2012 
  7. «Hector’s Dolphin Threat Management Discussion Document» (PDF). Department of Concervation, Ministry of Fisheries. 2007. s. 93. Henta 29. februar 2012.