Sørkaper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørkaper
Sørkaper
Sørkaper
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sørkaper
Utbreiinga av sørkaper
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Infraorden: Chaeomysticeti
Overfamilie: Balaenoidea
Familie: Rettkvalfamilien Balaenidae
Slekt: Eubalaena
Art: Sørkaper E. australis
Vitskapleg namn
Eubalaena australis

Sørkaper (Eubalaena australis), også kalla sørleg rettkval og antarktisk rettkval, er ein kval i rettkvalfamilien, ei familiegruppe blant bardekvalane. Han lever berre på den sørlege halvkula, vanlegvis i eit sirkulært belte mellom 20 og 55°S. Dette inkluderer Sørishavet og dei sørlege farvatna i Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sørleg rettkval

Sørkaper er svært lik nordkaper i utsjånad. I høve til finnkvalar er desse kvalane korte og kompakte i forma, nærast rumpetroll-liknande. Hovudet, som er enormt, utgjer typisk nær ein tredel av den totale kroppslengda, og sveivene er korte og runde i forma. Dei har to barderader med kring 225-270 bardar i kvar. Bardane er mørke i fargen og heng ned frå overkjeven, og kan bli opp mot 240-300 cm lange.

Sørkaperen blir gjennomsnittleg noko større enn nordkaperen (som også blir kalla nordatlantisk rettkval). Ei lengd på rundt 14-17,5 meter er typisk for oksar, medan kyrne kan bli over 18 meter lange. Kyrne blir også gjerne litt større enn oksane. Vekta varierer typisk mellom 36 og 73 tonn (i snitt ca. 63,5 tonn), men nokre forskarar har antyda at gravide kyr kan bli nærare 100 tonn tunge på det meste.

Utbreiing og reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Sørkaper finst berre på den sørlege halvkula, vanlegvis i eit sirkulært belte mellom 20 og 55°S, der ein har registrert han så langt sør som til 63°S. Dette inkluderer store delar av Sørishavet og havområde sør i Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet, medrekna kyststrøk rundt sørspissen av Sør-Amerika (i Atlanteren opp mot sørkysten av Brasil), Afrika (i Indiahavet opp mot Madagaskar) og rundt sørkysten av Australia og rundt New Zealand.

Totalbestanden av sørkaper er blitt estimert til mellom 3 000-4 000 og opp mot 7 500 dyr. Paring og kalving går helst føre seg i verna bukter i området 20-30°S i perioden juni-november. Ei ku blir gjerne oppvarta av fleire (opp mot sju er registrerte) hannar under paringa. Hoene er drektige i rundt 11 månader og føder typisk ein einskild kalv, som gjerne veg 1-1,5 tonn og er omkring 4,5-6 meter lang ved fødselen. Hoene når kjønnsmoden alder når dei er rundt 8-10 år gamle.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sørkaperar et helst dyreplankton, som dei anten fangar gjennom å symja sakte (3-6 km/t) med munnen open nær overflata, eller gjennom å angripa større samlingar (stimar) på noko djupare vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]