Pterodroma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pterodroma


Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta Illustrasjon av J. G. Keulemans, Public domain
Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta
Illustrasjon av J. G. Keulemans, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pterodroma

Bonaparte , 1856

Vitskapleg namn
Pterodroma

Petrellane i den biologiske slekta Pterodroma er sjøfuglar i stormfuglfamilien, slekta inkluderer om lag 32 artar av mellomstore til store petrellar som beitar på overflata av sjøen.

Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata
Foto: Richard Crossley/The Crossley ID Guide Eastern Birds

Pterodroma-petrellar skil seg frå lirer i den uryddige måten dei flyg på over havet med raske vengeslag, der lirer seglar meir elegant over bølgjene.

Storvengpetrell, Pterodroma macroptera
Foto: JJ Harrison

Desse fuglane har solide nebb som er tilpassa mjuke byttedyr tatt opp frå vassoverflata, dei har vridde tarmar for å fordøye marine dyr med uvanlege biokjemikaliar. Artane er vanskelege å skilje, mange har mørk overside med lysare underside, kort hale og lange venger.

Pterodroma-petrellar hekkar i koloniar på øyar og lever pelagiske utanom hekkesesongen. Kvart kull er på eitt kvitt egg som dei legg i ei hòle på bakken. Dei er nattlege fuglar.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Pterodroma-petrellar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Pterodroma

  • Storvengpetrell, Pterodroma macroptera, Great-winged Petrel, LC, Smith, 1840
  • Kermadecpetrell, Pterodroma neglecta, Kermadec Petrel, LC, Schlegel, 1863
  • Magentapetrell, Pterodroma magentae, Magenta Petrel, CR, Giglioli & Salvadori, 1869
  • Heroldpetrell, Pterodroma arminjoniana, Trindade Petrel, VU, Giglioli & Salvadori, 1869
  • Heroldpetrell, Pterodroma heraldica, Herald Petrel, LC, Salvin, 1888
  • Tuamotupetrell, Pterodroma ultima, Murphy's Petrel, NT, Murphy, 1949
  • Lordhowepetrell, Pterodroma solandri, Providence Petrel, VU, Gould, 1844
  • Hendersonpetrell, Pterodroma atrata, Henderson Petrel, EN, Mathews, 1912
  • Madeirapetrell, Pterodroma madeira, Zino's Petrel, EN, Mathews, 1934
  • Kappverdepetrell, Pterodroma feae, Fea's Petrel, NT, Salvadori, 1899
  • Silkepetrell, Pterodroma mollis, Soft-plumaged Petrel, LC, Gould, 1844
  • Rodriguespetrell, Pterodroma baraui, Barau's Petrel, EN, Jouanin, 1964
  • Kvithovudpetrell, Pterodroma lessonii, White-headed Petrel, LC, Garnot, 1826
  • Gråbukpetrell, Pterodroma inexpectata, Mottled Petrel, NT, Forster, 1844
  • Bermudapetrell, Pterodroma cahow, Bermuda Petrel, EN, Nichols & Mowbray, 1916
  • Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata, Black-capped Petrel, EN, Kuhl, 1820
  • Juanfernandezpetrell, Pterodroma externa, Juan Fernandez Petrel, VU, Salvin, 1875
  • Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta, Atlantic Petrel, EN, Schlegel, 1863
  • Galapagospetrell, Pterodroma phaeopygia, Galapagos Petrel, CR, Salvin, 1876
  • Hawaiipetrell, Pterodroma sandwichensis, Hawaiian Petrel, VU, Ridgway, 1884
  • Macauleypetrell, Pterodroma cervicalis, White-necked Petrel, VU, Salvin, 1891
  • Boninpetrell, Pterodroma hypoleuca, Bonin Petrel, LC, Salvin, 1888
  • Gråkragepetrell, Pterodroma nigripennis, Black-winged Petrel, LC, Rothschild, 1893
  • Chathampetrell, Pterodroma axillaris, Chatham Petrel, EN, Salvin, 1893
  • Flaggermuspetrell, Pterodroma cookii, Cook's Petrel, VU, Gray, 1843
  • Masatierrapetrell, Pterodroma defilippiana, Masatierra Petrel, VU, Giglioli & Salvadori, 1869
  • Sotkragepetrell, Pterodroma leucoptera, Gould's Petrel, VU, Gould, 1844
  • manglar norsk namn, Pterodroma brevipes, Collared Petrel, VU, Peale, 1848
  • Sotnakkepetrell, Pterodroma longirostris, Stejneger's Petrel, VU, Stejneger, 1893
  • Maoripetrell, Pterodroma pycrofti, Pycroft's Petrel, VU, Falla, 1933
  • Phoenixpetrell, Pterodroma alba, Phoenix Petrel, EN, Gmelin, 1789
  • Vanuatupetrell, Pterodroma occulta, Vanuatu Petrel, NR,[3] Imber & Tennyson, 2001

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 8. februar 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  3. Nokre artstakson er ikkje anerkjente artar hos BirdLife International, dei er derfor ikkje plasserte inn i ein raudlistekategori. (NR - Not recognized)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pterodroma