Pucallpa

Koordinatar: 8°23′S 74°33′W / 8.383°S 74.550°W / -8.383; -74.550
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

8°23′S 74°33′W / 8.383°S 74.550°W / -8.383; -74.550

Pucallpa
San Martín-fontenen i Pucallpa.
San Martín-fontenen i Pucallpa.
San Martín-fontenen i Pucallpa.
Byvåpenet til Pucallpa
Styresmakter
Land
Region
Peru
Ucayali
Geografi
Flatevidd 29 km²
Innbyggjarar
 - By (2017)

326 040[1]
Høgd over havet 154 m
Tidssone UTC-05:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.pucallpa.com
Plassering
Plassering av Pucallpa
Plassering av Pucallpa

Pucallpa (quechua puka hallpa, 'raud jord') er hovudstad i Ucayali-regionen i Peru. Han har 204 772 innbyggjarar (2007). Byen ligg ved elva Ucayali, ei sideelv til Amazonas.

Pucallpa blei grunnlagd av fransiskanarmunkar på 1840-talet som fekk shipibo-conibofolk til å busetja seg der. Tettstaden var lenge isolert frå omverda av regnskogen og Andesfjella. Mellom 1880 og 1920 arbeidde ein med å knyta byen til Lima-Huancayo-linja, den sentrale jernbanen i Peru, men dette blei aldri gjennomført. I 1945 blei han knytt til Lima med ein 846 km lang veg, noko som opna for handel og økonomisk vekst.

I dag har Pucallpa fleire sagbruk, fabrikkar for utvinning av rosentre-olje og er endepunkt for ein 76 km lang røyrledning frå Ganso Azul-oljefeltet sørvest for byen. Det blir også drive jordbruk rundt byen.

Dei verna skogsområda Alexander von Humboldt nasjonalpark og Biabo-Cordillera Azul nasjonalpark ligg rett vest for Pucallpa.

Pucallpa har ei elvehamn, Pucallpillo, som blir erstatta av to flytande hamner ved høg vasstand. Flyplassen FAP Captain David Abenzur Rengifo tener også byen.

Den 23. august 2005 styrta ein Boeing 737 frå flyselskapet TANS Peru (Flight 204) rett utanfor byen. 57 overlevde styrten, men 43 personar døydde.

Hamna i Pucallpa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://www.inei.gob.pe/media/MenuRecursivo/publicaciones_digitales/Est/Lib1539/libro.pdf; vitjingsdato: 23. november 2018.