Puffa kveite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Puffa kveite
Honey Monster Puffs, Kalaspuffar på svensk og Guldkorn på dansk, med mjølk.

Puffa korn er eit puffa kornslag laga av kveitekorn. Det blei innført som eit kommersielt produkt i USA ved byrjinga av 1900-talet.[1]

Tou Mølle i Ryfylke byrja laga puffa kveite i Noreg i 1949.[2] Det puffa kveiteproduktet Pops blei innført av Ramberg og Sønner AS i Skien i 1950.[3]

Det finst fleire puffa kveiteprodukt med sukker, som Golden Crisp, lansert som Happy Jax i 1948 og Sugar Crisp året etter.[4] Honnikorn/Honey Smacks, lansert i USA i 1953[5] og Honey Monster Puffs, lansert som Sugar Puffs i Storbritannia i 1957.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Santlofer, Joy (2012). «Cereal, Cold» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-973496-2. doi:10.1093/acref/9780199734962.001.0001/acref-9780199734962-e-0145. 
  2. Roy Høibo, red. (2010). FOLK i Ryfylke. Årbok for Ryfylkemuseet (PDF). s. 19. 
  3. Ulvenes, Halvor (25. november 2018), «Han skapte verdiar for nesten 150 millionar kroner», Varden (på norsk bokmål), henta 2. august 2021 
  4. Kawash, Samira (15. oktober 2013). Candy: A Century of Panic and Pleasure (på engelsk). Macmillan. s. 287–289 and color plate #15. ISBN 9780865477568. 
  5. «Norwegian Honni Korn Smacks». Arkivert frå originalen 2010-09-21. Henta 31. august 2010. 
  6. «The History of the Honey Monster: from 1957 to 2018.», Honey Monster (på engelsk), henta 2. august 2021