Pukekohe
| Pukekohe | |||
| by | |||
Pukekohe Park Raceway | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 32,06 km² | ||
| Folketal | 24 300 (30. juni 2018)[1] | ||
![]() Pukekohe 37°12′11″S 174°54′14″E / 37.203°S 174.904°E | |||
| Wikimedia Commons: Pukekohe | |||
Pukekohe er ein liten, men veksande landleg by i Franklin District på Nordøya på New Zealand. Han ligg heilt sør i regionen Auckland, omkring 50 km sør for Auckland City, mellom den sørlege stranda til Manukau Harbour og munningen til Waikato-elva. Åsane kring Pukekohe og dei nærliggjande Bombay Hills dannar den naturlege sørgrensa til Aucklandregionen.
Maoriordet puke-kohe tyder 'åsen med kohekohe'. Kokekohe (Dysoxylum spectabile) er eit innfødd mahogniaktig tre.
Under Newzealandkrigane vart det utkjempa eit slag i Pukekohe, seinare kjent som Forsvaret av Pukekohe East i 1863.
Byen
[endre | endre wikiteksten]Pukekohe er administrasjonssenteret i Franklindistriktet. Ved folketeljinga i 2001 var innbyggjartalet 18 825, storparten av europeisk avstamming, men med betydelege innslag av innfødde maoriar og etniske indiske og austasiatiske grupperingar. Byen er venta å få ein jamn vokster i dei komande tiåra, ettersom han ligg i utkanten av den stadig veksande Aucklandregionen.
Den grøderike vulkanske jorda og det varme, fuktige klimaet har ført til framifrå tilhøve for grønsak- og mjølkeproduksjon.
Pukekohe har ein vidaregåande skule, eit rugbystadion, ein veddeløpsbane og motorsportbanen Pukekohe Park Raceway.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Pukekohe ligg ved jarnvegslinja North Island Main Trunk Railway, og er den sørlegaste stasjonen på forstadsbanenettet til Auckland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981; utgjevar: Statistics New Zealand.
- Denne artikkelen bygger på «Pukekohe» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2008.
