Pulpanyresjuke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pulpanyresjuke eller enterotoxemia/enterotoxaemia er ein akutt klostridieinfeksjon hos husdyra sau, geit, gris, hest og storfe, særleg hjå ungdyr av desse dyra.[1] Sjukdomen kjem av ein Clostridium-bakterie. Nokre stader er pulpanyresjuke ukorrekt kalla graskrampe eller bråsott,[2] men dette er separate sjukdomar. Sjukdomen kan ikkje behandlast, men kan førebyggjast.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Pulpanyresjuke kan råka sau i alle aldrar, men spesielt lam som er 3-10 veker gamle og dyr som kjem heim frå fjellbeite.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Sjukdomen er akutt dødeleg. Oftast finn ein berre lammet daudt. Dersom ikkje ligg det halvt medvitslaust med pustevanskar, krampetak, padlande rørsler med beina og fyldig buk. Litt etter at dauden har kome vert nyrene blaute, slik at til dømes det ytre laget flyt bort om nyra vert halden under rennande vatn. Derfrå kjem namnet og den engelske nemninga pulpy kidney disease. Ein ser også ofte væske i hjartesekken og punktforma blødinger i indre organ. Utan obduksjon kan denne sjukdomen forvekslast med pasteurellose.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Bakterien Clostridium perfringens type D som finst naturleg hos friske dyr, byrjar å produsere ei sterk nervegift som vert teken opp gjennom mage-tarmslimhinna. Når store lam tek til å ete gras ute kan dei få i seg store mengder gras på kort tid. Dette graset gir god næring til den nemnde bakterien. Ved slike brå fôrskifte, særleg med fôr med mykje karbohydratar eller proteinar, vil bakterien oppformere seg og produsere giftstoff. Derfor dukkar sjukdomen gjerne opp når sauene har «ovete». Giftstoffa går til åtak på blant anna hjarte, nyre og hjerne. Hos lam som diar slår sjukdomen oftast til på dei som ikkje er tvillinglam og som derfor får mykje mjølk og er store når dei kjem på beitet. Sjukdomen tek også lam på hausten når dei kjem frå relativt skrinne fjellbeiter inn på kraftige heimebeite.

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

Sjukdomen kan hindrast gjennom eit vaksinasjonsprogram for heile saueflokken, 2-3 veker før lamminga tek til. Når lamma får i seg råmjølk frå søyene vernar antistoffa lammet i fleire veker. Ein bør unngå brå fôrskifte frå svakt til sterkt fôr.

Hjå kje kan ein førebyggja mot pulpanyresjuke gjennom å avgrensa kraftfôret dei får i seg, og sikra mykje fiber i kosten. Ein kan vaksinera drektige geiter før dei føder, eller kje når dei er rundt 6-8 veker gamle.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Enterotoxemia i National Library of Medicine - Medical Subject Headings
  2. Synnøve Vatn, Lisbeth Hektoen, Ola Nafstad "Helse og Velferd hos sau" 1. utgave, Tun Forlag (2008) ISBN 978-82-529-3180-8 (oppgjeve av Wikipedia på bokmål og riksmål
  3. Fôring og stell av kje, Helsetenesten for geit