Pultost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pultost er ein norsk ost som er laga av skumma og syrna mjølk, salt og karve. Andre namn på osten er knaost, knøost og saltost. Den tradisjonelle osten er laus og korna. Det blir no også laga smørbar pultost.

Pultost blei tradisjonelt laga av skumma mjølk som var att etter smørkjerning. Mjølka blir kraftig syrna og deretter gjæra i nokre dagar med gjærsoppen Candida rogusa. Ein stopper gjæringa ved å tilsetja salt. Det siste tilsetningsstoffet er karve.

Saman med gamalost er pultost ein tradisjonell norsk ostetype som er laga utan bruk av løype, men der ystinga skjer berre gjennom syrning. Pultost er blitt laga i Noreg i fleire hundreår. Namnet «pultost» skal koma av mellomalderlatin pulta som tyder 'graut' eller 'velling'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.